Driveplikt
Har du spørsmål om driveplikt og utleige av jord? Her finn du informasjon og problemstillingar knytt til dette.
Kva betyr driveplikt?
Det er driveplikt på jordbruksareal med fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Har ein eigedom slikt areal, er det driveplikt på den, uavhengig av arealstorleiken. Driveplikta gjeld ikkje skog.
- Fulldyrka jord er jord som er dyrka til vanleg pløyedjupne og som kan nyttast til åkervekstar eller eng som kan gjerast ny att ved pløying.
- Overflatedyrka jord er jord som for det meste er rydda og gjort jamn i overflata slik at maskinell hausting er mogleg.
- Innmarksbeite er jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan verte hausta maskinelt.
Dyrka jord må ikkje nyttast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon, og ikkje disponerast slik at den ikkje er eigna til jordbruksproduksjon i framtida.
Driveplikta er
- personleg
- gjeld for alle som eig eigedom med jordbruksareal som nemnt over
- gjeld i heile eigartida
Eigar kan oppfylle driveplikta
- ved å drive jorda sjølv, eller
- leige bort jorda til andre som vil drive den
Innan eitt år etter å ha overtatt eigedomen, må ny eigar bestemme om hen vil drive jorda sjølv eller leige den bort.
For at driveplikta skal vere oppfylt, må jorda sine produksjonseigenskaper verte oppretthaldt slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling. Dette inneber at ein i utgangspunktet må hauste og kultivere areala årleg. Uavhengig av korleis eigar vel å oppfylle driveplikta, er det eigar som er ansvarleg for at jorda vert driven.
Ved sameige har kvar einskilde eigar driveplikt.
Utleige av jord
Eigar kan velje å oppfylle driveplikta ved å leige bort jorda. Jorda må leigast bort i minst 10 år om gangen. Leiekontrakter ut over 10 år kan krevje delingssamtykke og konsesjonshandsaming.
Når eigar leiger bort jorda, er det framleis eigar som er ansvarleg for at jorda vert driven. Det betyr at kommunen vil halde eigar ansvarleg viss jorda ikkje vert driven.
Eigar kan velje å drive delar av eigedomen sjølv. Eigar kan òg leige bort delar av arealet til éin leigetakar, og ein annan del til ein annan leigetakar. Dette krev i tilfelle leigekontrakt med kvar einskilde leigetakar.
Krav til leigekontrakt
Det finst reglar for korleis leigekontrakten skal vere. Kommunen skal ha kopi av kontrakten for å sjå at den følgjer lova. Leigekontrakten må:
- ha ei leigetid på minst 10 år
- vere skriftleg
- føre til ei driftsmessig god løysing
Viss avtalen ikkje er i tråd med desse krava, kan den ikkje gjerast gjeldande mellom partane, eller overfor myndigheitene. Når avtalen er inngått, skal eigar sende kopi av avtalen til kommunen.
Treng du hjelp?
Kontakt landbrukskontoret ditt
Kontaktinformasjon til landbrukskontoret finn du vanlegvis på nettsidene til kommunen.
Landbrukskontoret kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.