Kva betyr driveplikt?

Det er driveplikt på jordbruksareal med fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Har ein eigedom slikt areal, er det driveplikt på den, uavhengig av arealstorleiken. Driveplikta gjeld ikkje skog.

  • Fulldyrka jord er jord som er dyrka til vanleg pløyedjupne og som kan nyttast til åkervekstar eller eng som kan gjerast ny att ved pløying.
  • Overflatedyrka jord er jord som for det meste er rydda og gjort jamn i overflata slik at maskinell hausting er mogleg.
  • Innmarksbeite er jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan verte hausta maskinelt.

Dyrka jord må ikkje nyttast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon, og ikkje disponerast slik at den ikkje er eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Driveplikta er

  • personleg
  • gjeld for alle som eig eigedom med jordbruksareal som nemnt over
  • gjeld i heile eigartida

Eigar kan oppfylle driveplikta

  • ved å drive jorda sjølv, eller
  • leige bort jorda til andre som vil drive den

Innan eitt år etter å ha overtatt eigedomen, må ny eigar bestemme om hen vil drive jorda sjølv eller leige den bort.

For at driveplikta skal vere oppfylt, må jorda sine produksjonseigenskaper verte oppretthaldt slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling. Dette inneber at ein i utgangspunktet må hauste og kultivere areala årleg. Uavhengig av korleis eigar vel å oppfylle driveplikta, er det eigar som er ansvarleg for at jorda vert driven.

Ved sameige har kvar einskilde eigar driveplikt.

Utleige av jord

Eigar kan velje å oppfylle driveplikta ved å leige bort jorda. Jorda må leigast bort i minst 10 år om gangen. Leiekontrakter ut over 10 år kan krevje delingssamtykke og konsesjonshandsaming.

Når eigar leiger bort jorda, er det framleis eigar som er ansvarleg for at jorda vert driven. Det betyr at kommunen vil halde eigar ansvarleg viss jorda ikkje vert driven.

Eigar kan velje å drive delar av eigedomen sjølv. Eigar kan òg leige bort delar av arealet til éin leigetakar, og ein annan del til ein annan leigetakar. Dette krev i tilfelle leigekontrakt med kvar einskilde leigetakar.

Krav til leigekontrakt

Det finst reglar for korleis leigekontrakten skal vere. Kommunen skal ha kopi av kontrakten for å sjå at den følgjer lova. Leigekontrakten må:

  • ha ei leigetid på minst 10 år
  • vere skriftleg
  • føre til ei driftsmessig god løysing

Viss avtalen ikkje er i tråd med desse krava, kan den ikkje gjerast gjeldande mellom partane, eller overfor myndigheitene. Når avtalen er inngått, skal eigar sende kopi av avtalen til kommunen.

Lemping av vilkår eller fritak frå driveplikt

Lemping på krav om driveplikt

Eigar kan søke om lemping av vilkåra for driveplikt. Det er mest vanleg å søke om lemping frå leigetida på minst 10 år, fordi mange har behov for ein meir fleksibel avtale, til dømes om ein driv vekstskifte.

Det er ikkje høve til å lempe på vilkåret i lova om at leigeavtalen skal vere skriftleg.

Fritak frå driveplikt

Eigar kan søke kommunen om fritak frå driveplikt. Når fritakssøknaden skal avgjerast, leggast det vekt på

  • kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • arealet sin storleik
  • avkastingsevna
  • om det er behov for jordbruksarealet som tilleggsjord
  • livssituasjonen til eigar
Kva skjer viss driveplikta ikkje vert oppfylt?

Viss eigar ikkje driv jordbruksarealet sjølv, ikkje leigar bort jorda eller leigeavtalen fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan kommunen pålegge eigar

  • å leige bort jorda i minst 10 år
  • å plante skog eller gjere andre tiltak av omsyn til kulturlandskapet
  • tvangsgebyr