Det er plikta di å melde frå om påkøyrt dyr
Du skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til.
Følg denne sjekklista:
- Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
- Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
- Ring Politiet på 02800 og meld frå om påkøyringa.
Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.
- Merk påkøyringsstad – dette for å kunne spore skadde dyr.
- Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshunden sitt arbeid.
Plikter ved trafikkuheld - Lov om vegtrafikk (vegtrafikkloven) (Lovdata)
Hjelpeplikt etter dyrevelferdloven - Lov om dyrevelferd (Lovdata)
Ansvarlege styresmakter ved påkøyring av vilt på veg
Alle desse etatane bør ha gjensidig kontakt for å unngå misforståingar om korleis dyret skal handterast.