Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Vestland

Verdensarven Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Vestland. Dei to spektakulære fjordområda ligg 120 km frå kvarandre og er geologisk sett døme på klassiske fjordlandskap. Dei viser korleis landskapet har utvikla seg frå den siste istida fram til i dag. Begge områda er døme på unge, aktive isbrelandskap.

Naturen og kulturen i verdsarvområdet har trollbunde besøkjande til alle tider. Mange reknar desse fjordane som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. 

Med store høgdevariasjonar og kort veg mellom sjø og høgfjell er naturmangfaldet stort. Begge delområda er utan større tekniske inngrep. Dei naturlege geologiske prosessane som har forma og utvikla fjordane, er ikkje påverka av menneske. Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien for områda.  Samla har området kvalitetar som gjer at dei er førte opp på Unesco-lista over kultur- og naturarven i verda.

Langs fjordane og opp på fjellhyllene er det fleire små fjordgardar. I fleire av fjelldalane og skogsliene er det gamle sætra. I dag er framleis nokon av desse i drift, og det er gode beite på stølane. Gardane ligg på stader som gir vern for snø- og steinras. Busetjingane viser at det har vore drive eit nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men samtidig rik natur. Den kulturelle dimensjonen ved stølane og dei gamle fjordgardane utfyller og aukar den samla verdien av verdsarvområdet.

I dag er det færre bønder i området og færre dyr på beite. Viss kulturlandskapet gror igjen mistar me kulturhistorie og viktige verdiar. Mange bønder i verdsarvområdet får difor ekstra støtte for å sikra framleis jordbruksdrift i området. 

Geirangerfjorden, omkranset av majestetiske fjell og dyr på beite.jpg
Geirangerfjorden, omkransa av majestetiske fjell og dyr på beite. Foto: Jakop Torp Årset.

Fakta 

Vestnorsk fjordlandskap 

Fylke
Geirangerfjorden i Møre og Romsdal  
Nærøyfjorden i Vestland 

Kommune
Geirangerfjorden: Norddal og Stranda (ansvarskommune) 
Nærøyfjorden: Vik, Lærdal og Aurland (ansvarskommune) 

Innskrive på Unescos verdsarvliste
2005