Om rapporten

Rapportnummer35/2023
Dato30.6.2023
RapportenKOSTRA landbruk – Ei vurdering av rapporteringa for 2022 (PDF)

Oppdatert 2. februar 2024:

Det har blitt avdekket feil vedrørende omdisponert areal dyrka jord etter formål i KOSTRA-rapporten. Dette er korrigert per 2.2 2024. Det gjelder figur 6 og omtalen av figuren på side 10 og tabell 3 i vedlegget.

For figuren skyldes det en beregningsfeil. For tabellen skyldes det at oppdaterte tall for Drammen kommune ikke var kommet med.

Samandrag

Jordvernmålet blei ikkje nådd i 2022 

I 2021 blei jordvernmålet stramma inn til maksimal omdisponering av 3 000 dekar per år. Målet, som blei nådd i 2021, blei ikkje nådd i 2022. 3 509 dekar dyrka jord blei vedtatt omdisponert til andre formål enn landbruk i 2022. Den største andelen av omdisponert dyrka jord i 2022, blei avsett til samferdselsformål (38 prosent).

Talet for omdisponering av dyrkbar jord var 4 254 dekar i 2022. Dette er blant dei lågaste tala sida KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. Både tala for dyrka og dyrkbar jord er i positiv, nedadgåande utvikling, men det er altså ei auke i omdisponeringa samanlikna med dei rekordlåge tala i 2021.

Nydyrkinga går framleis nedover

Etter fire år med auke i areal godkjent for nydyrking i perioden mellom 2015 og 2019, ser vi framleis ein nedgang frå 2020. 15 900 dekar blei godkjent nydyrka i 2022, noko som er 2 184 dekar mindre enn året før og over 12 000 dekar mindre enn rekordåret 2019. Det blei gitt dispensasjon til nydyrking av 347 dekar myr i 2022. Dette er meir enn ei halvering samanlikna med i 2021, då det blei gitt dispenasjon til nydyrking av 815 dekar myr.

Færre innvilga saker etter jord- og konsesjonslov

Omdisponeringssaker etter jordlova §§ 9 eller 12, og delingssaker etter jordlova § 12, har i 2022 det lågaste talet for innvilga søknader registrert sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005.  Dette kjem av både færre søknader og høgare avslagsprosent. Det er også ein liten nedgang i tala for kommunane si behandling av saker etter konsesjonslova. Unntaket er søknader om konsesjon der eit aksjeselskap står som søkar. Det har vore ei auke i slike saker dei tre siste åra.

Forslag til forbetringar

Landbruksdirektoratet meiner det må vurderast om informasjonen vi har om solkraftutbygging på jordbruksarealar er god nok, eller om rapporteringa bør innrettast på ein anna måte for å fange opp utviklinga av solkraftanlegg på jordbruksareal. Elles viser Landbruksdirektoratet til at det i oppdatert nasjonal jordvernstrategi, vedtatt juni 2023, er fleire gode tiltak som saman kan bidra til å gi eit meir nøyaktig bilete av jordbruksarealet i Noreg og korleis samfunnet vel å forvalte desse areala.