Til hovedinnhold

KOSTRA landbruk

Ei vurdering av rapporteringa for 2024

Rapport

30/2025

Utgitt

1.7.2025

Landbruksdirektoratet, Avdeling ressurs og areal, seksjon arealforvaltning

Sist oppdatert:01.07.2025

Sammendrag

Omdisponeringa held fram med å synke

Den positive utviklinga held fram, og i 2024 blei 2 499 dekar dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk (figur 1). Ikkje sidan registreringa starta i 1967 har så lite dyrka jord blitt omdisponert. Det nye jordvernmålet om maksimal årleg omdisponering på 2 000 dekar innan 2030, er dermed innan rekkevidde. Den største andelen av omdisponert dyrka jord i 2024 blei avsett til bustadformål (35 prosent), med samferdselsformål tett på (32 prosent).

Nydyrkinga opp frå 2023

I 2024 blei 12 776 dekar godkjent for nydyrking. Det er nesten 3 000 dekar meir enn i fjor, då talet for nydyrking var det lågaste sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005, men likevel om lag 15 000 dekar mindre enn i rekordåret 2019. Det er grunn til å tru at nedgangen dei siste åra blant anna heng saman med forbodet mot nydyrking av myr som trådde i kraft i 2020. Det blei gitt dispensasjon til nydyrking av 300 dekar myr i 2024.

Lite planvask

I 2024 blei berre 76 dekar tidlegare omdisponert dyrka jord rapportert som tilbakeført til LNFR-formål. Dette er betydeleg mindre enn året før, og kan tyde på at planvask ikkje blir gjennomfør i tråd med føringane i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027.

Færre saker etter jordlova – stabilt etter konsesjonslova
Talet på omdisponerings- og delingssaker etter jordlova går framleis nedover. Kommunane behandla 660 omdisponeringssaker og 2 267 delingssaker i 2024. Avslagsprosenten var på 14 for omdisponeringssakene og 9,8 for delingssakene, noko som er på linje med tidlegare år.

Det er små endringar i statistikken over saker etter konsesjonslova. I 2024 behandla kommunane til saman 2 330 vanlege søknadar om konsesjon og innvilga i alt 2 278 av dei. Det er ei lita auke frå 2023.