Om rapporten

Rapportnummer38/2024
Dato27.6.2024
UtgiverLandbruksdirektoratet, Avdeling ressurs og areal
RapportenKOSTRA landbruk – ei vurdering av rapporteringa for 2023 (PDF)

Samandrag

Rekordlåg omdisponering i 2023 

I 2023 blei 2 740 dekar dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk (figur 1). Ikkje sidan registreringa starta i 1967 har så lite dyrka jord blitt omdisponert. Det nye jordvernmålet om maksimal årleg omdisponering på 2 000 dekar innan 2030, er dermed innan rekkevidde. Den største andelen av omdisponert dyrka jord i 2023, blei avsett til samferdselsformål (32 prosent). 

Nydyrkinga går også nedover 

Det er ikkje berre omdisponeringa som går nedover. Ikkje sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005 har det vore godkjent så lite areal for nydyrking. I 2023 blei 9 947 dekar godkjent for nydyrking, noko som er over 18 000 dekar mindre enn i rekordåret 2019. Det er grunn til å tru at nedgangen dei siste åra blant anna heng saman med forbodet mot nydyrking av myr som trådde i kraft i 2020. Det blei gitt dispensasjon til nydyrking av 169 dekar myr i 2023. 

Færre saker etter jordlova – stabilt etter konsesjonslova

Talet på omdisponerings- og delingssaker etter jordlova går framleis nedover. Kommunane behandla 749 omdisponeringssaker og 2 334 delingssaker i 2023. Avslagsprosenten var på høvesvis 14 og 10,1, noko som er på linje med tidlegare år. Det er små endringar i statistikken over saker etter konsesjonslova. Unntaket er søknader om konsesjon der et eit aksjeselskap står som søkar. Vedtaksmyndigheita i slike saker i førsteinstans blei flytta frå kommunen til statsforvalteren med verknad frå 7. juli 2023. Det var difor et fall i talet på kommunane si behandling av slike saker i 2023.