Vi skal drive samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel.
Verkemidla skal forvaltast i samsvar med gjeldande regelverk og bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken.
Vi skal vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet.
Vi skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåelsen opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling.
Vi skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Vi skal samhandle godt med fylkesmannsembeta og regional forvaltning for å bidra til god lov- og tilskotsforvaltning på regionalt og lokalt nivå.
Vi skal gjennom kontroll og oppfølging bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.
Vi har også oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog og natur- og avlingsskadar.