Nasjonale tilretteleggingsmiddel (NT-ordninga)
Nasjonale tilretteleggingsmiddel har som føremål å styrke verdiskapinga i landbruket gjennom fellesskapsløysingar innan næringsutvikling og kompetanseheving med nasjonal nytteverdi.
Kvar midla kjem frå
Nasjonale tilretteleggingsmiddel kjem frå Landbrukets utviklingsfond (LUF-fondet) og løyvast i Jordbruksavtalen.
Kva midla skal brukast til
Du kan søkje middel til tilretteleggingstiltak innanfor landbruksbasert næringsutvikling eller til utvikling og vidareutvikling av etter- og vidareutdanningstilbod innanfor landbruksnæringa.
Tiltaka vil variere innanfor dei to tilskotsområda for ordninga (næringsutvikling og kompetanseheving), og omfatte alt frå prosjekt og utgreiingar til utvikling av kurs m.m. Du må kunne vise til at tiltaka har nasjonal nytteverdi og bidreg til fellesskapsløysingar.
Med nasjonal nytteverdi meiner vi at den typen kunnskap, produkt eller tenester som blir utvikla gjennom prosjektet, skal vere tilgjengeleg for relevante målgrupper i heile landet. Prosjekt som berre er tilgjengelege eller har nytteverdi for lokale eller regionale aktørar, blir ikkje støtta over denne ordninga. Slike prosjekt har høve til å søkje fylkeskommunen om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RT og RK-midlar).
Du kan få middel til tiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving i skogbruk, eller kombinasjonen jordbruk og skogbruk, på lik linje med andre tiltak. Det blir ikkje gjeve midlar til tiltak innan reindrift, med mindre det er i kombinasjonen jordbruk og reindrift.
Kven bestemmer over midla
Dei Nasjonale tilretteleggingsmidla forvaltast av Landbruksdirektoratet.
Korleis midla vert lyst ut
Nasjonale tilretteleggingsmiddel vert lyst ut éin gong i året på hausten. Ramma for midla vert bestemt i jordbruksoppgjeret våren før og går fram av utlysinga.
Meir informasjon
Ordningsside for å søkje prosjektmiddel: