Borkbilleberedskap
Store borkbilleåtak har drepe mykje skog i delar av Europa, USA og Canada dei siste åra. Det er aukande bekymring for større utbrot i Noreg, og det er difor utarbeidd ein fagleg beredskapsplan for handtering av dette.
Fagleg beredskapsplan
For å kunne handtere eit stort åtak frå borkbiller i Noreg har Landbruksdirektoratet, i samarbeid med NIBIO, utarbeidd ein første versjon av fagleg beredskapsplan for stor granborkbille. Første versjon av planen er forankra hos statsforvaltarar og skognæringa.
Fagleg beredskapsplan for stor granborkbille, versjon 1.0
Varsel om risiko for utbrot
NIBIO har utarbeidd eit varsel om risiko for utbrot av stor granborkbille i Skogportalen i Kilden, for tre geografiske soner i Noreg. Varselet vil bli oppdatert etter kvar tømming av borkbillefeller gjennom borkbillesesongen.
NIBIO gjer faglege vurderingar og råd om risikonivå til Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet fastset risikonivå.
Sonevise varsel blir tilgjengeleggjort i eit eige kartlag, Barkbilleovervåking i Skogportalen.
Utdjupande informasjon om risikovarselet finn du på NIBIO sine nettsider om borkbilleovervaking.
Kor ofte varselet blir oppdatert
I 2025 blir borkbillevarselet oppdatert på desse datoane:
- Uke 21- fredag 23. mai
- Uke 24- fredag 13. juni
- Uke 28- fredag 11. juli
- Uke 33- fredag 15. august
Meir informasjon
Ein serie korte artiklar frå Magasinet Skog
- NIBIO sitt temahefte for stor granbarkbille (nibio.brage.unit.no)
- Hvordan dreper granbarkbillen trær?
- Kan vi bruke granbarkbillens feromoner til å kontrollere billebestanden?
- Økologisk nøkkelart og skogbrukets skrekk
- Kjenn din fiende – granbarkbillens biologi og livssyklus
- Barkbilleutbrudd på godt og vondt
- Hvordan oppstår barkbilleutbrudd?
- Hva bestemmer mengden granbarkbiller i skogen?
- Granbarkbillen og vernet skog
- Tiltak mot granbarkbillen: bekjempelse vs. forebygging
- Granbarkbillen, klimaendringer og klimatilpasninger