Fagleg beredskapsplan 

For å kunne handtere eit stort åtak frå borkbiller i Noreg har Landbruksdirektoratet, i samarbeid med NIBIO, utarbeidd ein første versjon av fagleg beredskapsplan for stor granborkbille. Første versjon av planen er forankra hos statsforvaltarar og skognæringa.

Fagleg beredskapsplan for stor granborkbille, versjon 1.0

Varsel om risiko for utbrot 

NIBIO har utarbeidd eit varsel om risiko for utbrot av stor granborkbille i Skogportalen i Kilden, for tre geografiske soner i Noreg. Varselet vil bli oppdatert etter kvar tømming av borkbillefeller gjennom borkbillesesongen.

NIBIO gjer faglege vurderingar og råd om risikonivå til Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet fastset risikonivå.

Sonevise varsel blir tilgjengeleggjort i eit eige kartlag, Barkbilleovervåking i Skogportalen.

Utdjupande informasjon om risikovarselet finn du på NIBIO sine nettsider om borkbilleovervaking.

Kor ofte varselet blir oppdatert 

I 2025 blir borkbillevarselet oppdatert på desse datoane:

  • Uke 21- fredag 23. mai
  • Uke 24- fredag 13. juni
  • Uke 28- fredag 11. juli
  • Uke 33- fredag 15. august
Prioriteringsliste for hogst

Lågare risiko for borkbilleangrep i 2025

Det er låge fangstnivå av stor granborkbille i Noreg i juni 2025 etter andre gongs felletømming. Men det er framleis høg risiko for lokale utbrot på Austlandet.

Samla fangstnivå for stor granborkbille i Noreg hittil i år er svært låge mange stader. I første felleperiode var det mange kommunar som registrerte høge fangstnivå, men dette kjem truleg av at mange biller flaug tidleg på grunn av det varme vêret på Sør- og Austlandet i vår. 

Nokre få kommunar har rapportert inn høge fangstar i andre periode, desse ligg i område som vart ramma av store vindfall vinteren 2021/2022. Likevel er det søkkande fangstnivå i forhold til 2023 og 2024, noko som tilseier at populasjonstoppen av granborkbille etter dei store vindfellingane er tilbakelagd.

PrioritetTiltakMerknad til tiltaket
1Prioriter bestand som er svekte av vind, tørke eller borkbiller.Granborkbilla føretrekker svekte tre for egglegging. Billene som produserast i drepne tre overvintrar nær mortreet. Seinare kan billene angripe tilgrensande, frisk skog.
2Prioriter bestand som ligg i område med mykje skadd eller stressa granskog.Svekt eller døande gran, som følge av vindfellingar eller tørke, gir billene material til å formeire seg i. Etter kvart som dei blir talrike, kan billene gå til åtak på tilstøytane, frisk skog.
3Prioriter tørkeutsett skog, som gran planta på typiske furulokalitetar.Tørkeutsette område har fleire biller, truleg fordi trea er tørkestressa og meir sårbare for billeåtak.
4Unngå å sette att flatekantar mot hogstmogen, grandominert skog. Prioriter hogst av bestand som står slik til.Flatekantar er sårbare for billeåtak, men berre viss trea som står att er gran over ein viss storleik (> 20 cm dbh). Sol- og vindutsette bestandskantar er mest utsette for billeåtak, truleg fordi trea er stressa av brå fristilling. Merk òg at etablering av skogsbilvegar introduserer kantar i landskapet.
5Prioriter bestand med høg granandel framfor blandingsskog og reine lauv- og furubestand.Granborkbilla føretrekker område med høgt volum av gran. Ho går ikkje til åtak på furu og lauvtre, og er mindre talrik i blandingsskog.
6Prioriter bestand som ligg i område med mykje hogstmogen granskog (hkl. IV og V).Granborkbilla føretrekker område med høgt volum av gran. Under utbrotet på 1970-talet var skadane av granborkbilla størst i kommunar med høgt granvolum.
7Prioriter område som hadde store billefangstar i borkbilleovervakinga i året før.Faren for oppformeiring av biller med påfølgjande utbrot er størst der billene er mest talrike i utgangspunktet. Merk at det er viktig å sjå på fangstane på fleire lokalitetar over litt større område for å vurdere bestandsstorleiken, da svært lokale forhold kan gi store fangstar på enkeltlokalitetar.
8Prioriter bestand i lågareliggjande område.Under utbrotet på 1970-talet var det flest billeåtak under 400 moh.
9Prioriter soleksponerte og/eller sørvende lier.Det er fleire biller i varmare område, særleg når gjennomsnittstemperaturen om sumaren (april-august) er høgare enn 13-14 grader. Billene føretrekker varmare lokalitetar og trea er kanskje meir stressa der. Merk at normalt kjølege lokalitetar også kan vere varme i gitte år. 

 

Korleis kjenne att stor granborkbille?

Opplæringsvideoar for å kjenne att stor granborkbille

Filmane er laga av Paal Krokene og Isabella Børja.

Videoen gir ei beskriving av kva som kjenneteiknar nye åtak av granborkbille.

Beskriving av den store granborkbilla sin livssyklus.

Filmane er laga av Skogsstyrelsen Sverige.

Kva tre bør hoggast, og når er dette eit effektivt tiltak?

I videoen ser ein på kva tre som bør hoggast og kva tre som kan bli ståande.

Ved å sjå på utviklinga av gangsystemet kan ein vurdera kva tiltak som er effektive.

Filmane er laga av Skogsstyrelsen Sverige.

Skogsstyrelsen Sverige har fleire gode videoar med informasjon om stor granborkbille.

Oversikt finn du her (Youtube)