Skogbrann
FNs klimapanel beskriv at klimaendringane vil føre til meir ekstremvêr framover. Styrking av skogeigar sin evne til å avgrense skogbrann er difor viktig.
Skader frå skogbrann blir ikkje dekt av naturskadeerstatningsordninga, men skog kan forsikrast privat.
Skogeigar sin eigenberedskap ved skogbrann og skogbrannfare
Dei fleste skogbrannar kan enkelt sløkkjast i tidleg fase. Om skogbrannar får utvikle seg fritt, kan dei utarta til store, komplekse hendingar som kan truge liv, helse og materielle verdiar over store område. Skogeigar er ofte først på brannstaden. Det er viktig å forsøkje å avgrense storleiken på brannen, fram til brannvesenet kjem med bistand. Slik mellombels skadeavgrensing må skje på ein måte som tek omsyn til helse, miljø og tryggleik (HMS).
Sjå tiltaksoversikt for skogeigar sin eigenberedskap mot skogbrann lengre ned på sida.
Handtering av skogbrann i Noreg
Førebygging og handtering av skog- og utmarksbrannar i Noreg baserer seg på eit samvirke mellom kommunane og staten. Nedkjemping av brannar er ansvaret til kommunane, gjennom lokale brann og redningsvesen. Politiet har ei viktig rolle, særleg dersom brannar trugar liv og helse. Statsforvaltarembeta bidrar til regional samordning av innsats frå ulike aktørar, og staten gir nasjonal bistand ved behov. Slik hjelp kan vere skogbrannhelikopter med leiarstøtte, mannskap frå Sivilforsvaret og Heimevernet, organisering av hjelp frå naboland eller EU. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er nasjonal brannstyresmakt. Rolla inneber at DSB har brannfagleg ansvar, forvaltningsansvar og tilsynsansvar, men direktoratet har inga instruksjonsmynde over brann- og redningstenesta i kommunane.
Plikt til å førebyggje brann
Etter brann- og eksplosjonsvernlovens §5 har alle plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein slik måte at brann, eksplosjon og andre ulykker blir førebygde. Ved brann, eksplosjon eller andre ulykker pliktar alle straks å underrette dei som er utsette for fare, og ved behov varsla naudalarmsentral. Det same gjeld ved overhengande fare for ei slik hending. Alle som oppheld seg nær ein brann, eksplosjon eller anna ulykke pliktar etter evne å gjera det som er mogleg for å avgrense skadeverknadene.
Tiltaksoversikt for skogeigar sin eigenberedskap mot skogbrann
Meir informasjon
- Skogbrannsesongen 2024 (www.skogbrand.no)
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, skogbrann (www.dsb.no)
- Skogbrannfareindeks (Meteorologisk institutt) (skogbrannfare.met.no)
- Yr.no, farevarsel (www.yr.no)
- Skogbrand forsikringsselskap, forebygging skogbrann (www.skogbrand.no)
- Skogbrand forsikringsselskap, bestilling beredskapsmateriell (www.skogbrand.no)
- Skogbrand forsikringsselskap, bestilling varslingsmateriell (www.skogbrand.no)
- Skogkurs, hogst og skogbrann (skogkurs.no)
- Forslag_Avtale om pålagt vakthold etter skogbrann
- Brosjyre_Pålagt vakthold etter skogbrann