Om skogskjøtsel

Skogskjøtsel omfattar alle tiltak som blir gjennomførte i skogen gjennom eit omløp, som forynging, ungskogpleie, tynning, gjødsling og foryngingshogst.

Krav til skogskjøtsel er regulerte i lov om skogbruk og forskrift om berekraftig skogbruk.

Krava gjeld for all skog og skogmark. Skogeigar er ansvarleg for aktiviteten i eigen skog, og skal sikre at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med krava. Dette gjeld også om arbeidet settast bort til andre.

Formål med krava er å fremje berekraftig forvaltning av skogressursane i landet, med sikte på

  • aktiv lokal og nasjonal verdiskaping
  • å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen
  • å sikre miljøverdiane i skogen, aktiv forynging og oppbygging av ny skog og god helsetilstand i skogen

Etter avverking skal skogeigar sørgje for at det kjem opp ny skog og stelle skogen slik at han kan produsere skogsvirke i framtida. Foryngingsplikta er ikkje oppfylt før tilfredsstillande forynging er etablert.

Foryngingsfelta krev oppfølging av skogeigar. Dei vanlegaste tiltaka er planting, suppleringsplanting og markriving.

Skogeigar, eller den som gjer arbeid på vegner av skogeigar, skal ta nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar ved aktivitet i skogen.