- Marknadsregulatorar
Marknadsregulatorar
Informasjon om dei ulike marknadsregulatorane, rolla deira og regulerande tiltak.
Om Marknadsregulatorane
-
Tine SA er marknadsregulator i mjølkesektoren. Dei har ein utøvande funksjon gjennom å foreslå og gjennomføre reguleringstiltak.
Tine som marknadsregulator
Tine har
- mottaksplikt for rå mjølk frå alle ku- og geitemjølkprodusentar til same prisar og leveringsvilkår som for eigne leverandørar. Mottaksplikta gjeld ikkje mjølk som er friteken for overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk.
- mottaksplikt for innanlands produsert smør frå meieriselskap i prisutjamningsordninga for mjølk, så lenge det vert brukt reguleringsmidlar til eksport av smør
- forsyningsplikt for norskprodusert rå mjølk til meieriselskap som deltek i prisutjamningsordninga for mjølk. Forsyningsplikta gjeld ikkje til føretak som lokalt foredlar mjølk med fritak for overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk.
- forsyningsplikt for mjølk til produksjon av flytande mjølkeprodukt, avgrensa oppover til 15 mill. liter mjølk årleg per anlegg. For forsyningar utover dette, vert det stilt krav om leveransar frå eigne leverandørar. Forsyningsplikta for dette kvantumet vert til kvar tid sett til det dobbelte av det kvantumet mjølk som på månadsbasis vert vegen inn frå eigne leverandørar.
- forsyningsplikt for mjølk til produksjon av anna enn flytande mjølkeprodukt på ein slik måte at desse anlegga vert stilte på linje med marknadsregulators eigne produksjonsmeieri.
- informasjonsplikt som skal sikre at alle marknadsaktørar har lik tilgang på informasjon om aktivitetar Tine utfører i kraft av reguleringsansvaret, under dette produksjons- og forbruksprognosar, prisprognosar, prisnoteringar og reguleringsaktivitetar. Informasjon skal gjerast tilgjengeleg straks etter at vedtak om endring/tiltak er gjennomført. Vidare skal Tine gjere prisprognosar eitt år fram i tid tilgjengeleg for aktørane. Tine skal dessutan varsle alle meieriselskap om endringar i noteringsprisen straks etter vedtak, og seinast to veker før dei trer i kraft. Dersom slik varsling ikkje vert gjennomført har meieriselskapa rett, men ikkje plikt, til å kjøpe mjølk til gjeldande noteringspris inntil tilsvarande frist har gått ut.
Meir detaljar om marknadsregulator si mottaksplikt, forsyningsplikt og informasjonsplikt finst i markedsreguleringsforskriften.
Marknadsreguleringa vert finansiert av omsetningsavgifta, som vert betalt av produsentar ved levering av mjølk.
Avsetningstiltak
Tine set i verk tiltak for å sikre ein balansert marknad. I mjølkesektoren er kvoteordninga for mjølk det viktigaste verkemiddelet for å unngå overproduksjon. Marknadsreguleringa vert brukt som eit supplement og har mest å seie for å jamne ut tilgangen på mjølkeråvare gjennom året. Det er størst produksjon av mjølk i fyrste halvår, og så når ein den lågaste produksjonen i sommarmånadene. Ut på hausten tek produksjonen seg opp igjen. Dette medfører eit behov for lagring av lagringsdyktige produkt som ost, smør og tørrmjølk frå fyrste halvår til andre halvår. På denne måten kan mjølk frigjevast til produksjon av ferske produkt i periodar med låg produksjon, samtidig som ein unngår at mjølk må tømmast ut i periodar med stor produksjon. Ein konsekvens av ujamn mjølkeproduksjon gjennom året er at marknadsregulator må ha høgare produksjonskapasitet i fyrste halvår enn om produksjonen var jamt fordelt gjennom året. Kompensasjon for ekstra produksjonskapasitet er derfor eit av tiltaka innanfor mjølkesektoren som vert finansiert av omsetningsavgifta.
Døme på avsetningstiltak og andre tiltak for mjølkesektoren:
- reguleringslagring av smør, skummamjølkpulver, kvitost og geitost
- prisnedskriving av mjølkeprodukt til fôr
- prisnedskriving av geitemjølk til fôr
- prisnedskriving for kvitost, smør og naturell yoghurt seld i spesialmarknader
- prisnedskriving av mjølk seld til skular og barnehagar
I tillegg kan Tine setje i verk andre tiltak, etter førehandsgodkjenning av Omsetningsrådet.
Dei største tiltaka for mjølk (målte i kroner) var reguleringskapasitet og reguleringslagring i 2019.
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Faglege tiltak
Tine er ansvarleg for faglege tiltak i hovudsak retta mot råvareprodusentar og industrien.
Faglege tiltak kan til dømes vere knytte til rettleiing av råvareprodusentar, forsøksverksemd, forsking og avl:
- rettleiing av råvareprodusentar
- forsøksverksemd
- forsking
- avl
I mjølkesektoren vart det i 2020 budsjettert midlar til avlsverksemd, helsetenesta for storfe og Koorimp (koordineringseininga til husdyrnæringa for smittevern ved import).
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Opplysningsverksemd
Opplysningsverksemda for mjølkesektoren vert gjennomført av Opplysningskontoret for meieriprodukt og Stiftinga Norsk Mat.
- Formålet med opplysningskontoret er å bidra til å fremje omsetning og bruk av norsk mjølk og norske meieriprodukt gjennom ei samordna og faktabasert opplysningsverksemd på merkenøytral basis. Verksemda vert finansiert i hovudsak av midlar frå omsetningsavgifta.
- Stiftinga Norsk Mat driv generisk opplysningsverksemd for økologisk mat og jordbruk, og marknadsføring av den nasjonale merkeordninga Nyt Noreg. Arbeidet vert delvis finansiert av midlar frå omsetningsavgifta.
-
Nortura SA er marknadsregulator i kjøt- og eggsektoren. Dei har mottaksplikt, forsyningsplikt og informasjonsplikt om reguleringstiltak som vert sette i verk.
Nortura som marknadsregulator
Nortura er marknadsregulator i kjøt- og eggsektoren. Dette gjeld kjøt av storfe, sau/lam, svin og egg. Nortura har ein utøvande funksjon gjennom å foreslå og gjennomføre reguleringstiltak.
Nortura har
- mottaksplikt for kjøt og egg (ikkje fjørfekjøt) frå alle råvareprodusentar. Nortura skal ta imot alt kjøt og egg der det er marknadsregulering, uavhengig om dei er medlem av Nortura eller ikkje
- forsyningsplikt (ikkje fjørfekjøt) for å sikre alle aktørane i marknaden tilgang på kjøt og egg
- informasjonsplikt som skal sikre at alle marknadsaktørar har lik tilgang på informasjon om aktivitetar Nortura utfører i kraft av reguleringsansvaret, inkludert informasjon om prognosar
Marknadsreguleringa vert finansiert av omsetningsavgifta, som vert betalt av produsentar ved levering av kjøt til vidareforedling.
Avsetningstiltak
Nortura set i verk avsetningstiltak. Tiltak vert sette i verk når det må til for å sikre ein balansert marknad. For kjøt og egg er det ikkje kvoteregulering som på mjølk. Det er få verkemiddel tilgjengeleg for å regulere tilførselen og avsetningstiltaka vert derfor viktige.
Døme på avsetningstiltak for kjøt- og eggsektoren er
- innfrysing og fryselagring av kjøt (reguleringslager)
- frysefrådrag på heilt slakt
- frivillig redusert verpeperiode
- priskompensasjon ved skilling av egg
- spesialmarknader for kjøt og egg: levering mellom anna til norske transittlager, skip i utanriksfart, oljeplattformer og Svalbard
I tillegg kan Nortura setje i verk andre tiltak, etter førehandsgodkjenning frå Omsetningsrådet.
Tiltaka er baserte på
- forskrift om kompensasjon for frivillig redusert verpeperiode
- forskrift om priskompensasjon ved innanlands produksjon av skiljeprodukt
- forskrift om prisnedskriving ved sal av egg, eggprodukt og mjølkeprodukt til spesialmarknader
- retningslinjer for marknadsregulering av kjøt
- retningslinjer for marknadsregulering av egg
For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Faglege tiltak
Animalia er ansvarleg for faglege tiltak, som i hovudsak er retta mot råvareprodusentar og industrien.
Faglege tiltak kan til dømes vere knytte til
- forsøksverksemd og forsking med mål om å fremje kvalitetsproduksjon, betre varehandtering eller å auke varesal
- kvalitets- og avlsarbeid i regi av avlsorganisasjonane og til andre, inklusive Animalia
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Opplysningsverksemd
Opplysningsarbeidet for egg og kjøt er retta mot råvareprodusentar, industrien og forbrukar.
Opplysningsverksemd for kjøt- og eggsektoren er hovudsakleg retta mot forbrukaren, og vert gjennomført av Opplysningskontoret for egg og kjøt (OEK) og Stiftinga Norsk Mat.
Formålet med opplysningskontoret er å auke kunnskapen til forbrukarane om kjøt og egg. Dei skal drive merkenøytral informasjonsverksemd på eit sakleg og vitskapleg grunnlag. Verksemda vert finansiert i hovudsak av midlar frå omsetningsavgifta.
Stiftinga Norsk Mat driv generisk opplysningsverksemd for økologisk mat og jordbruk, og marknadsføring av den nasjonale merkeordninga Nyt Noreg. Arbeidet vert delvis finansiert av midlar frå omsetningsavgifta.
Spesielt om fjørfekjøt
For fjørfekjøt vert det gjennomført faglege tiltak og opplysningsverksemd. Tiltaka vert finansierte av omsetningsavgifta, som vert betalt av produsentar ved levering av fjørfe til slakteri.
Det vert ikkje brukt avsetningstiltak, og det er inga prisregulering. Sjå faglege tiltak og opplysningsverksemd ovanfor.
-
Felleskjøpet Agri SA er marknadsregulator i kornsektoren. Dei har mottaksplikt, forsyningsplikt og informasjonsplikt om reguleringstiltak som vert sette i verk.
Felleskjøpet som marknadsregulator
Felleskjøpet har ein utøvande funksjon gjennom å foreslå og gjennomføre reguleringstiltak.
Felleskjøpet har
- mottaksplikt for korn frå alle kornprodusentar heile året og frå andre kornhandlarar i perioden 1. oktober–15. april
- forsyningsplikt for å sikre alle aktørane i marknaden tilgang på korn. I kornsektorane gjeld forsyningsplikt berre reguleringsvare, og vert rekna som ivareteke gjennom at reguleringa skjer på anbod.
- informasjonsplikt som skal sikre at alle marknadsaktørar har lik tilgang på informasjon om aktivitetar Felleskjøpet utfører i kraft av reguleringsansvaret, inkludert prognosane
Marknadsreguleringa vert finansiert av omsetningsavgifta, som vert betalt av produsentar ved levering av korn hos mottak.
Avsetningstiltak
Felleskjøpet Agri SA skal foreslå og sørgje for gjennomføring av avsetningstiltak når det må til for å sikre ein balansert marknad.
Døme på avsetningstiltak for kornsektoren:
- sørgje for å setje i verk overlagring frå ein sesong til ein annan
- omdisponere matkorn til fôrkorn
I tillegg kan Felleskjøpet Agri setje i verk andre tiltak, etter førehandsgodkjenning av Omsetningsrådet.
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Faglege tiltak
Felleskjøpet er ansvarleg for å administrere tilskot til faglege tiltak, i hovudsak retta mot råvareprodusentar og industrien.
Faglege tiltak kan til dømes vere knytte til
- forsøksverksemd
- forsking
- tiltak for å betre prognosearbeidet til marknadsregulator
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Opplysningsverksemd
Opplysningsverksemd for kornsektoren retta mot forbrukar, vert gjennomført av Opplysningskontoret for brød og korn og Stiftinga Norsk Mat.
- Formålet med opplysningskontoret er å auke kunnskapen til forbrukarane om korn, brød og andre bakevarer. Dei skal drive merkenøytral informasjonsverksemd på eit sakleg og vitskapleg grunnlag. Verksemda vert finansiert med 50 prosent av midlar frå omsetningsavgifta og 50 prosent frå mølle- og bakarbransjen.
- Stiftinga Norsk Mat driv generisk opplysningsverksemd for økologisk mat og jordbruk, og marknadsføring av den nasjonale merkeordninga Nyt Noreg. Arbeidet vert delvis finansiert av midlar frå omsetningsavgifta.
-
Marknadsreguleringa for hagebruksprodukt vert i hovudsak finansiert av kollektivt dekt omsetningsavgift som vert løyvd over jordbruksavtala.
Marknadsregulering i grøntsektoren
Grøntsektoren har ingen marknadsregulator. Det vert likevel gjennomført avsetningstiltak for eple og potet, og det er Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS) som administrer tiltaka. GPS pliktar å informere marknadsaktørar om avlingsprognosar og om iverksetjing av reguleringstiltak for eple og matpoteter.
Avsetningstiltak
Avsetningstiltaka skal bidra til at råvareprodusentar kan oppnå målpris i marknaden. I hagebrukssektoren vert det utført avsetningstiltak i kulturane eple og potet.
Avsetningstiltak i hagebrukssektoren inkluderer
- reguleringslagring av eple
- fabrikklevering av eple
- levering av matpoteter til fabrikk/fôr
Det er berre godkjende omsetningsledd for poteter som kan delta i gjennomføring av avsetningstiltak for matpotet, og ta imot reguleringspoteter frå primærprodusent.
Godkjende omsetningsledd i marknadsordninga for poteter:
- Gartnerhallen SA
- Bama-Gruppen AS
- Bonden Grønthandel AS
- Brødrene Raastad AS
- Coop Norge, avd. frukt og grønt
- Ferskvarehuset AS
- Fine Forest Foods AS
- Finstad Engros AS
- Grane Potet & Grønt SA
- HOFF Norske Potetindustrier BA
- KIMs Norge AS
- Lofot Agro AS
- Lågendals Pakkeriet AS
- Maarud AS
- Norgro AS
- Nybø Potetpakkeri
- Produsentpakkeriet Trøndelag AS
- Sunndalspotet AS
- Strand Unikorn AS
- Sørnes Potet og grønnsakspakkeri AS
- Totenpoteter AS
- Tromspotet A/S
I tillegg kan Grøntprodusentenes samarbeidsråd setje i verk andre tiltak, etter førehandsgodkjenning av Omsetningsrådet.
Tiltaka er baserte på Retningslinjer for marknadsregulering av eple, matpoteter og honning. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Faglege tiltak
Grøntprodusentenes samarbeidsråd og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ansvarleg for å administrere tilskot til faglege tiltak, i hovudsak retta mot råvareprodusentar og industrien.
Faglege tiltak kan til dømes vere knytte til
- rettleiing av produsentar
- rådgiving mot fruktlager for å fremje kvalitet og produksjonstilpassing
- utarbeiding av pristilrådingar på frukt og grønt
- effektiv formidling av forskingsresultat og kunnskap om potetdyrking
Tiltaka er baserte på Retningslinjer om bruk av midlar frå omsetningsavgifta til faglege tiltak og opplysningsverksemd. For oversikt over tiltak, sjå Omsetningsrådets årsmeldingar.
Opplysningsverksemd
Opplysningsverksemd for frukt og grønt retta mot forbrukar, vert gjennomført av Opplysningskontoret for frukt og grønt og Stiftinga Norsk Mat.
Formålet med opplysningskontoret er å auke kunnskapen til forbrukarane om frukt og grønt. Dei skal drive merkenøytral informasjonsverksemd på eit sakleg og vitskapleg grunnlag. Verksemda vert finansiert i hovudsak gjennom kollektivt dekt omsetningsavgift som vert løyvd over jordbruksavtala. Delar av verksemda vert finansierte av Helsedirektoratet og Gjensidigestiftinga.
Stiftinga Norsk Mat driv generisk opplysningsverksemd for økologisk mat og jordbruk, og marknadsføring av den nasjonale merkeordninga Nyt Noreg. Arbeidet vert delvis finansiert av midlar frå omsetningsavgifta.