Om prisutjamningsordninga for mjølk

Prisutjamningsordning for mjølk (PU) vart innført 1. juli 1997, saman med endringar i andre ordningar i marknadsordninga for mjølk.

Prisutjamningsordninga for mjølk regulerer prisdifferensiering av mjølk som råvare til ulik bruk. Den gir også mjølkeprodusentar høve til å oppnå lik pris for mjølka, uavhengig av mjølkebruk og lokalisering av produksjonen.

I prisutjamningsordninga har enkelte produkt, eksempelvis drikkmjølk, ei avgift, medan andre mjølkeprodukt, som til dømes modna ost og tørrmjølk, får tilskot.

Ordninga består av:

  • utjamning mellom mjølke- og biproduktanvending
  • geografiutjamning
  • tiltak som fremjar konkurranse

Ordninga er sjølvfinansierande, det vil seie at avgiftene som vert betalte til ordninga finansierer tilskota. Utjamninga skjer etter rapportering til direktoratet, slik at meieriselskapa anten er netto avgiftspliktige eller har rett på tilskot.

Følgjande meieriselskap er ein del av ordninga:

  • Tine SA
  • Synnøve Finden AS
  • Q-Meieriene AS
  • Rørosmeieriet AS
  • Normilk AS
  • Valdresmeieriet AS
  • Mondelez Europe Procurement Gmbh Nuf