Oversikt over kva som gjeld for jordbruksføretak

  • Føretaket må disponere husdyr og/eller disponere og drive jordbruksareal aktivt for å ha rett på straumstøtte.
  • Føretaket treng berre å sende inn søknadsskjema éin gong så lenge ordninga varer. Om søknaden din blir innvilga, vil du vere registrert som mottakar av straumstøtte frå du søkte. Dersom det skjer endringar i føretakets drift som kan påverke retten til straumstøtte, er føretaket ansvarleg for å endre eller avslutte søknaden sin.
  • Føretaket får støtte for straumforbruk i eigen jordbruksproduksjon. Viss ein straummålar har straumforbruk til jordbruksproduksjonen, men også til andre føremål utover sjølve råvareproduksjonen (anna næring), må føretaket opplyse om straumforbruket som går til dette. Sjå meir informasjon under «spørsmål og svar» nedanfor.
  • I søknaden må du oppgi målepunkt(a) som knyter seg til føretakets jordbruksproduksjon.
  • Føretaket kan få støtte for dei siste seks kalendermånadene før månaden søknaden om straumstøtte blir sendt inn. Føretaket må ha drive aktiv jordbruksproduksjon i alle månader føretaket søkjer om støtte for.
  • Det kan givast støtte for inntil 60 000 kWt per føretak per månad.  
  • Utbetaling av støtte skjer månadleg.

Spørsmål og svar om jordbruksføretak