Vatningslag
Lag eller anna samanslutning registrert i Einingsregisteret, og som driv med vatning av jordbruksareal som blir disponert av minst to jordbruksføretak.

Oversikt over kva som gjeld for vatningslag
- Vatningslag må sende inn éin søknad for perioden april–juni, og éin søknad for perioden juli–oktober. Følgjande søknadsfristar gjeld:
- 30. september for perioden april–juni same år
- 31. desember for perioden juli–oktober same år
- I søknaden må du oppgi alle målepunkt(a) med straumforbruk til vatning av jordbruksareal, og straumutgiftene per månad. Viss føretaket har sikringsavtale, skal du også leggje ved dokumentasjon på resultatet av den finansielle sikringa i søknaden.
- Det blir gitt straumstøtte for straumutgifter til vatning av jordbruksareal.
- Målepunkt(a) må tilhøyre vatningslaget.
- For å gjere endringar må verksemda trekkje søknaden og sende ny (før fristen/før det er gjort vedtak).
- Utbetalingar skjer løpande etter behandling.