Veksthusføretak
Føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som har straumutgifter til dyrking av vekstar som skal omsetjast i marknaden.

Oversikt over kva som gjeld for veksthusføretak
- Føretaket må sende inn éin søknad for kvart kvartal. Følgjande søknadsfristar gjeld:
- 28. februar (29. i skotår) for perioden oktober–desember året før
- 31. mai for perioden januar–mars same år
- 31. august for perioden april–juni same år
- 30. november for perioden juli–september same år
- Du kan søkje støtte som vekthusføretak viss føretaket er registrert i Einingsregisteret og har straumutgifter til dyrking av følgjande vekstar som skal omsetjast i marknaden:
- grønsaker
- frukt og bær
- krydderurter og medisinske urter
- blomstrar og prydplantar
- planteskulevekstar medrekna skogplantar, eller
- ungplantar av blomstrar, prydplantar, frukt, bær og grønsaker for utplanting på friland og for sal
- Det blir gitt straumstøtte for straumutgifter til «dyrking», og til eventuelt hushaldsforbruk som ikkje er kompensert gjennom straumstønadsordninga for hushald. Sjå meir informasjon under «spørsmål og svar» nedanfor.
- I søknaden må du oppgi alle målepunkt(a) med straumforbruk som blir nytta i dyrkinga, og straumutgiftene per månad. Viss føretaket har sikringsavtale, skal du også leggje ved dokumentasjon på resultatet av den finansielle sikringa.
- Målepunkt(a) må tilhøyre føretaket.
- For å gjere endringar må du trekkje søknaden og sende ny (før fristen/før det er gjort vedtak).
- Utbetalingar skjer løpande etter behandling.