Til hovedinnhold

Utgått

Regionalt miljøtilskudd i jordbruket (RMP) – kommentarer til regelverk

Forskriftsmal - nynorsk

Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, [namn på region].  

Tittel: «Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, [namn på region].» 

Heimel «LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§18, delegering 23.11.2018 av myndigheit til statsforvaltaren etter jordlova § 18 gjeve av Landbruks- og matdepartementet» 

Kapittel 1 Innleiiande føresegner 

§ 1 Formål 

Formålet med tilskot etter forskrifta er å bidra til å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturmiljø og -minner, tilgjenge i jordbrukslandskapet, samt redusere bruk av plantevernmidlar, utslepp til luft og avrenning til vatn frå jordbruket.  

§ 2 Verkeområde 

Forskrifta gjeld i [namn på region] fylke.  

§ 3 Grunnvilkår  

Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til  

  1. føretak som har gjennomført tiltak på areal dei disponerer i søknadsåret. Føretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, og må vere registrert i Einingsregisteret.  
  2. beitelag kan søkje tilskot for drift etter [§ Drift av beitelag]. I denne forskrifta er beitelag avgrensa til å gjelde samanslutningar som er registrete som samvirkeføretak eller foreining i Einingsregisteret, og som har til hovudføremål å samarbeide om føremålstenlege fellesløysingar innan beitebruk og god utnytting av utmarksbeite.  

Kapittel 2 Kulturlandskap 

§ 4 Drift av bratt areal  

Det kan gjevast tilskot for drift av jordbruksareal med hellingsgrad på [1:5 eller brattare, eller 1:3 eller brattare]  for å ta vare på kulturlandskapet.  

Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for.  

Tiltaksklasser*: overflatedyrka og fulldyrka 1:3, overflatedyrka og fulldyrka 1:5,  fruktdyrking 1:3, fruktdyrking 1:5, innmarksbeite 1:3, innmarksbeite 1:5. 

*Ved jordbruksoppgjeret i 2018 vart det bestemt at tilskot for drift av bratt areal skal gjevast i alle fylke unntatt Østfold, Akershus, Vestfold og Finnmark,  Jf. Prop. 94 s (2017-2018).  

Tilskot kan ikkje avgrensast til gitte område, dvs. at tiltaksklassene overflatedyrka og fulldyrka 1:3 og overflatedyrka og fulldyrka 1:5 må takast i bruk i heile fylket. Statsforvaltaren kan velje om dei andre tiltaksklassene skal nyttast. 

Tilskot blir fastsett per dekar.  

§ 5 Drift av beitelag 

Det kan gjevast tilskot for drift av beitelag som oppfyller vilkåra i § 3b.    

Statsforvaltaren kan fastsetje nærare føresegner om tal medlemmer i beitelaget, krav til tilsyn med dyra på beite og årleg rapportering om drifta.  

Tilskotksklasser: storfe/hest, småfe. 

Tilskotet blir fastsett per dyr som er sleppt på utmarksbeite.  

§ 6 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark 

Det kan gjevast tilskot for beiting av verdifulle jordbruksareal.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan fastsetje nærare føresegner om beitetrykk og varigheit av beitinga. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar eller tal dyr det kan gjevast tilskot for.  

Statsforvaltaren kan bestemme om tilskotet skal fastsetjast per dekar eller per dyr.  

§ 7 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark 

Det kan gjevast tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark. 

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dyr det kan gjevast tilskot for. Statsforvaltaren kan fastsetje nærmare føresegner om varigheit av beitinga.  

Tiltaksklasser: storfe/hest, småfe  

Tilskotet blir fastsett per dyr.  

§ 8 Slått av verdifulle jordbrukslandskap  

Det kan gjevast tilskot for slått av fulldyrka eller overflatedyrka areal for å oppretthalde verdifulle jordbrukslandskap.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for.  

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 9 Skjøtsel av [åkerholmar og gårdsdammar] 

Det kan gjevast tilskot for slått, rydding eller beiting for å hindre gjengroing av [åkerholmar og gardsdammar]. Arealet det blir gitt tilskot for, skal ikkje vere gjødsla.   

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje øvre grense for kor mange åkerholmar eller gardsdammar det kan gjevast tilskot for.  

Tilskotet blir fastsett per stykk.  

Kapittel 3 Biologisk mangfald 

§ 10 Slått av [slåttemyr og slåttemark] 

Det kan gjevast tilskot for slått av [slåttemark og slåttemyr] som er gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla, jordarbeida eller sprøyta med plantevernmidlar. Areala skal vere registrerte i miljødatabasen Naturbase. 

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasse: svært viktig, viktig, lokalt viktig. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 11 Beiting av kystlynghei  

Det kan gjevast tilskot for beiting av kystlynghei som er gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmidlar. Kystlyngheia skal vere registrert i miljødatabasen Naturbase eller kartlagt og registrert av statsforvaltaren.  

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for, og fastsetje nærare føresegner om beitetrykk og varigheit av beitinga. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar eller dyr det kan gjevast tilskot for.  

Tiltaksklasse: Svært viktig, viktig, lokalt viktig. 

Tilskotet blir fastsett per dekar eller dyr.  

§ 12 Brenning av kystlynghei 

Det kan gjevast tilskot for brenning av kystlynghei som er gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra. Tilskotet kan berre gjevast som eit tillegg til tilskot etter [§ Beiting av kystlynghei].  

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan fastsetje nærare føresegner for tiltaket, herunder føresegner om gjennomføring av brenninga. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal  dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

§ 13 Skjøtsel av biologisk verdifulle areal 

Det kan gjevast tilskot for [slått eller beite] av [biologisk verdifulle areal] som er gjennomført slik at det biologiske mangfaldet blir teke vare på eller forbetra. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmidlar.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva type areal eller område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan bestemme kva område i fylket tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan fastsetje nærare føresegner for tiltaket, herunder føresegner om beitetrykk og varigheit av beitinga. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: slått, beiting. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

§ 14 Skjøtsel av trua naturtypar 

Det kan gjevast tilskot for [slått eller beite] av [trua naturtypar] i jordbrukslandskapet som er gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i naturtypen blir teke vare på eller forbetra. Arealet det blir gitt  tilskot for skal ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmidlar. Areala skal vere registrerte i miljødatabasen Naturbase. 

Statsforvaltaren skal bestemme kva trua naturtypar tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan bestemme kva område i fylket tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for, samt føresegner om beitetrykk og varigheit av beitinga.  

Tiltaksklasse: Slått/rydding, beiting. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 15 Skjøtsel av styvingstre 

Det kan gjevast tilskot for styving av tre som er gjennomført på ein skånsam måte slik at trea sitt særpreg og biologiske mangfald blir teke vare på.   

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal tre det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per tre.  

§ 16 Soner for pollinerande innsekt 

Det kan gjevast tilskot for å så pollinatorvennlege frøblandingar og/eller skjøtte pollinatorvennlege soner på jordbruksareal [eller soner som grenser til jordbruksareal]. Sonene må ha pollinatorvennlege blomster gjennom vekstsesongen. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla eller sprøyta med plantevernmidlar.  

Statsforvaltaren kan fastsetje nærare føresegner for tiltaket. Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast  tilskot for.  

Tiltaksklasser: høg sats, låg sats. 

Tilskotet blir fastsett per meter.  

§ 17 Friareal for gås i Trøndelag og Nordland  

Det kan gjevast tilskot for fulldyrka og overflatedyrka gras- og kornareal som blir stilt til disposisjon for beitande kvitkinngås eller kortnebbgås i Trøndelag og Nordland.  

Statsforvaltaren skal fastsetje nærmare føresegner for tiltaket, inkludert kva område tilskotet skal gjelde for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: Særleg tilrettelegging, høgt beitetrykk, moderat beitetrykk, lågt beitetrykk. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 18 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl 

Det kan gjevast tilskot for å leggje til rette for hekking og beiting av fugl på eller i tilknyting til jordbruksareal.  

Statsforvaltaren skal fastsetje nærare føresegner for tiltaket, inkludert kva område tilskotet skal gjelde for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for.  

Tiltaksklasser: Høg tilrettelegging, låg tilrettelegging 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

Kapittel 4 Kulturminner og kulturmiljø 

§ 19 Drift av seter  

Det kan gjevast tilskot for drift av seteranlegg med mjølkeproduksjon. Produksjonsperioden skal vare minst seks veker per sesong. Mjølka som blir produsert skal leverast til meieri eller foredlast på setra. Produksjonen skal tilsvare minimum 45 liter kumjølk eller 25 liter geitemjølk i døgnet per seter. 

Tiltaksklasser: eiga foredling, levering til meieri  

Tilskotet blir fastsett per seter, fordelt på tal føretak som har dyr på setra. 

§ 20 Besøksseter 

Det kan gjevast tilskot for seterdrift tilrettelagt for turisme i form av bevertning, formidling, overnatting eller kulturtilbod.  

Statsforvaltaren skal fastsetje nærmare føresegner for tiltaket. 

Tilskotet blir fastsett per seter, fordelt på tal føretak som har dyr på setra. 

§ 21 Skjøtsel av automatisk freda kulturminner  

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel av [automatisk freda kulturminne] etter lov av 9. juni 1978 nr. 50 lov om kulturminner § 4, som grensar til jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført slik at kulturminnet er synleg i jordbrukslandskapet. Kulturminnet skal vere registrert i kulturminnebasen Askeladden.  

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet skal gjelde for, samt kva automatisk freda kulturminne som skal ha rett på tilskot. Statsforvaltaren kan stille krav til beitetrykk eller til storleiken av arealet som skal skjøttast rundt kulturminnet. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for.  

Tiltaksklasser: beiting, slått. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 22 Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminner 

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel av [enkeltståande automatisk freda kulturminne] etter lov av 9. juni 1978 nr. 50 lov om kulturminner § 4, som grensar til jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført slik at kulturminnet er synleg i jordbrukslandskapet. Kulturminnet skal vere registrert i kulturminnebasen Askeladden.  

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet skal gjelde for i regional forskrift, samt kva automatisk freda kulturminne som skal ha rett på tilskot. Statsforvaltaren kan stille krav til beitetrykk eller til størrelsen av arealet som skal skjøttast rundt kulturminnet. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal på kulturminne det kan gjevast tilskot for.  

Tiltaksklasser: beiting, slått. 

Tilskotet blir fastsett per stykk.  

§ 23 Skjøtsel av [steingjerde, bakkemurar, trerekker og alléar]  

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel langs [steingjerde, bakkemurar, trerekker og alléar] som grensar til jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført slik at kulturminnet er synleg i jordbrukslandskapet. 

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for, samt angi kva typar kulturminne som skal ha rett på tilskot. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: bakkemurar, steingjerde, trerekker/allèar.  

Tilskotet blir fastsett per meter. 

§ 24 Skjøtsel av ryddingsrøyser av nyare tid 

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel langs ryddingsrøyser som ikkje er automatisk freda og som grensar til jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført slik at kulturminnet er synleg i jordbrukslandskapet. Ryddingsrøysa skal vere registrert i kulturminnebasen Askeladden.  

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal ryddingsrøyser det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per stykk.  

§ 25 Skjøtsel av kulturhistoriske område  

Det kan gjevast tilskot for [beiting, slått eller rydding] av jordbruksareal innafor utvalde område av kulturhistorisk verdi, som er gjennomført slik at området sitt kulturhistoriske preg blir teke vare på. 

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for  

Tiltaksklasser: beiting, slått/rydding. 

Tilskotet blir utmålt per dekar.  

Kapittel 5 Friluftsliv 

§ 26 Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet 

Det kan gjevast tilskot for vedlikehald og merking av turstiar for den delen av stien som går over jordbruksareal. Turstien skal vere open for allmenn ferdsel.  

Statsforvaltaren kan fastsetje nærmare føresegner for tiltaket. Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet  gjeld for, samt setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: Høg tilrettelegging, Låg tilrettelegging 

Tilskotet blir fastsett per meter.  

Kapittel 6 Avrenning til vatn 

§ 27 Inga jordarbeiding om hausten 

Det kan gjevast tilskot for areal med korn, oljevekstar, belgvekstar, frøeng siste haustingsår, grøngjødsling og grønfôrvekstar dersom arealet ikkje blir jordarbeidd om hausten. Arealet skal ikkje jordarbeidast før 1. mars året etter søknadsåret. Halmen på desse areala skal ikkje brennast. 

Statsforvaltaren skal bestemme prioriterte område for tilskotet.  

Tiltaksklasser: erosjonrisikoklasse 1 – 4 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 28 Gras på areal utsett for flom og erosjon  

Det kan gjevast tilskot for å dyrke fleirårige vekstar på åkerareal som er særleg utsette for flom og erosjon. Vekstane skal vere godt etablerte om hausten i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.   

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

§ 29 Inga jordarbeiding på flaumutsette areal  

Det kan gjevast tilskot for flomutsette og vassdragsnære areal som ikkje blir jordarbeidd i perioden  [periode fastsett av statsforvaltaren]. Tilskotet kan gjevast for areal som oppfyller vilkåra etter [§ inga jordarbeiding om hausten].   

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir utmålt per dekar. 

§ 30 Direktesådd haustkorn og haustoljevekstar 

Det kan gjevast tilskot for å direkteså haustkorn og haustoljevekstar på areal som ikkje er jordarbeidd.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

§ 31 Fangvekst som underkultur 

Det kan gjevast tilskot for fangvekstar sådd saman med korn, oljevekstar og belgvekstar. Tilskotet kan gjevast for areal som oppfyller vilkåra etter [§ inga jordarbeiding om hausten]. Fangveksten skal vere godt etablert om hausten, og skal ikkje vere hovudvekst året etter at den er sådd. Arealet skal ikkje sprøytast med plantevernmidlar eller gjødslast om hausten.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 32 Fangvekstar sådd etter hausting 

Det kan gjevast tilskot for fangvekstar sådd etter hausting av grønsaker, poteter og rotvekster. Fangveksten skal vere godt etablert om hausten, og skal ikkje vere hovudvekst året etter at den er sådd. Arealet skal ikkje sprøytast med plantevernmidlar og ikkje gjødslast etter hausting av hovudveksten. Arealet skal ikkje jordarbeidast før 1. mars året etter søknadsåret. 

Ved dyrking av tidlegvekstar påfølgjande år, kan fylkesmannen fastsetje ein annan frist for jordarbeiding, etter 20. oktober. 

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 33 Grasdekte vannveger og grasstriper i åker 

Det kan gjevast tilskot for fleirårig grasdekke i dråg på åkerareal. Grasdekket skal ha ei breidde på minimum seks meter. Vekstane skal vere godt etablerte om hausten i søknadsåret. 

Tilskot kan også gjevast for grasdekke på tvers av fallet i lange hellingar. Grasdekket skal ha ei breidde på minimum to meter. 

Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.   

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: korn, potet/grønsaker. 

Tilskotet blir fastsett per meter. 

§ 34 Grasdekt kantsone i åker 

Det kan gjevast tilskot for fleirårig grasdekke langs kanten mot vassdrag på åkerareal. Sona det blir gitt tilskot for, skal ha ei breidde på minimum åtte meter, målt frå normalvasstanden i vassdraget, der minst seks meter ligg på fulldyrka areal. Vekstane skal vere godt etablerte om hausten i søknadsåret. Areala skal ikkje gjødslast eller sprøytast, og skal slåast, beitast eller pussast i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.   

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast tilskot for. 

Tiltaksklasser: korn, potet/grønsaker. 

Tilskotet blir fastsett per meter.  

§ 35 Kantsone i eng 

Det kan gjevast tilskot for å ha ei kantsone i eng langs kanten mot vassdrag som ikkje er gjødsla eller sprøyta i søknadsåret. Sona det blir gitt tilskot for, skal ha ei breidde på minimum seks meter [fire meter dersom dette blir fastsett av statsforvaltaren], målt frå normalvasstanden i vassdraget, der minst fire [to meter] ligg på fulldyrka eller overflatedyrka areal. Kantsona skal haustast ved slått eller beiting i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal meter det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per meter.  

§ 36 Fangdam 

Det kan gjevast tilskot for fangdam som er etablert på eller i tilknyting til jordbruksareal. Fangdammen skal ha tilfredsstillande renseeffekt.    

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

Kapittel 7 Utslepp til luft 

§ 37 Spreiing av husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen 

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest om våren eller i vekstsesongen. [Dersom statsforvaltaren fastset frist: Siste frist for spreiing er (dato)]. Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter siste spreiing i søknadsåret. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. Tilskotet kan berre gjevast dersom all husdyrgjødsel som føretaket disponerer blir spreidd om våren eller i vekstsesongen. 

Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar. 

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 38 Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel  

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedfelling eller nedlegging. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. [Dersom statsforvaltaren fastset frist: Siste frist for spreiing er dato]. Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter siste spreiing i søknadsåret. Husdyrgjødsel og biorest som er spreidd ved nedlegging i open åker må moldast ned innan to timar. 

Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar. 

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 39 Spreiing av husdyrgjødsel med rask nedmolding  

Det kan gjevast tilskot for nedmolding av husdyrgjødsel og biorest ved harving eller pløying innan to timer etter overflatespreiing. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. [Dersom statsforvaltaren fastset frist: Siste frist for spreiing er dato]. Arealet skal haustast eller beitast etter siste spreiing i søknadsåret.   

Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringer som syner spreiesdato, tidspunkt for nedmolding og gjødselmengde spreidd per dekar. 

Statsforvaltaren kan bestemme kva område tilskotet gjeld for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for talet dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

§ 40 Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange 

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest med tilførselsslange, som eit tillegg til tilskot etter [§§ spreiing vår/vekstsesong, nedfelling eller nedlegging, rask nedmolding] .  

Føretaket må kunne dokumentere bruk av tilførselsslange. 

Statsforvaltaren skal bestemme kva kombinasjon av [§§ spreiing vår/vekstsesong, nedfelling eller nedlegging, rask nedmolding] tilskot for spreiing av tilførselsslange kan gjelde for. Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for talet på dekar det kan bli gitt tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

Kapittel 8 Plantevern 

§ 41 Ugrasharving i åker 

Det kan gjevast tilskot for ugrasharving i korn og anna frø til modning. Det kan ikkje gjevast tilskot dersom det blir nytta ugrasmidlar før hausting, med unnak av sprøyting mot floghavre og hønsehirse, eller ved nedsviing av oljevekstar og åkerbønne.  

Areal som Debio har klassifisert som karensareal eller økologisk drive areal har ikkje rett på tilskot. 

Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for tal dekar det kan gjevast tilskot for. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

§ 42 Nedkjemping av ugras i radkulturar 

Det kan gjevast tilskot for mekanisk nedkjemping av ugras eller flamming i radkultur. Det kan ikkje gjevast tilskot dersom det blir nytta ugrasmidlar før hausting, med unntak for nedsviing av potetris.  

Arealet som Debio har klassifisert som karensareal eller økologisk drive areal har ikkje rett til tilskot. 

Statsforvaltaren kan setje nedre eller øvre grense for talet på dekar det kan bli gitt tilskot for. 

Tiltaksklasse: Flamming, mekanisk nedkjemping av ugras. 

Tilskotet blir fastsett per dekar. 

Kapittel 9 Miljøavtale 

§ 43 Miljøavtale  

Det kan gjevast tilskot til føretak som gjennomfører ein kombinasjon av tiltak for styrka miljøinnsats.  

Statsforvaltaren skal bestemme kva område tilskotet gjeld for, samt kva tiltak frå denne instruksen som inngår i miljøavtalen. Statsforvaltaren kan også setje fleire miljøkrav knytte til tilskotet, for å oppnå ønska miljøeffekt. 

Tiltaksklasser: Trinn 1 og trinn 2. 

Tilskotet blir fastsett per dekar.  

Kapittel 10 Generelle føresegner 

§ 44 Utmåling og utbetaling av tilskot 

Tilskotet blir rekna ut  etter satsar fastsett årleg av statsforvaltaren i regionalt miljøprogram. Tilskot skal berre gjevast for det året tiltaket blir gjennomført. 

Statsforvaltaren kan setje eit maksbeløp for tilskot eit føretak kan få innvilga per tiltak eller gruppe av tiltak innan tema kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne- og miljø, friluftsliv, avrenning til vatn, utslipp til luft eller plantevern. Avgrensinga skal fastsetjast i regionalt miljøprogram. 

§ 45 Søknad  

Føretak som søkjer tilskot skal nytte søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. 

Søknadsfristen er [statsforvaltaren kan velje å fastsette frist mellom 1. august og 20 oktober]. For beitelag som søkjer tilskot etter [§ Drift av beitelag] er fristen 15. november.  

Dersom søknaden blir levert etter fristane i første ledd, blir tilskot redusert med 1 000 kroner per dag inntil 14 dagar etter utløpt frist. Tilskotet kan ikkje overførast til eige eller pant.  

§ 46 Administrasjon, dispensasjon og klage  

Statsforvaltaren administrerer tilskota etter denne forskrifta.  

Kommunen gjer vedtak om tilskot. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle dispensere frå føresegnene om tilskot fastsett i denne forskrifta.  

Kommunen sitt vedtak kan klagast på​ til statsforvaltaren. Vedtak fatta av statsforvaltaren i første instans kan klagast på til Landbruksdirektoratet. 

§ 47 Opplysingsplikt og kontroll  

Den som søkjer tilskot pliktar å gi alle opplysingar som kommuna, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet finn naudsynt for å kunne forvalte ordninga.  

Kommunen, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetalinga av tilskot er riktig. Søkjaren har pliktig til å utlevere all bokføring, korrespondanse og nedteikningar som gjeld tilskotet. Opplysingar gitt i samband med søknaden om tilskot kan også bli kontrollerte ved telling og måling på dei eigedomane som føretaket nyttar i drifta.  

§ 48 Avkorting av tilskot   

Dersom føretaket uaktlaust eller med forsett har   

  1. drive eller driv verksemda i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, eller 
  2. gitt feil opplysingar i søknaden slik at søkjaren eller andre urettvist har fått utbetalt eller kunne fått utbetalt tilskot,  

kan heile eller delar av det samla tilskotet til føretaket bli avkorta.  

Tilskotet kan også bli avkorta dersom føretaket    

  1. ikkje har halde dei fristane som kommunen, statsforvaltaren eller Landbruksdirektoratet har sett for å kunne utføre sine kontrolloppgåver i medhald av [§ opplysingsplikt og kontroll],   
  2. har brote føresegner i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging, eller 
  3. ikkje har ført journal over plantevernmidlar som føretaket har nytta seg av på areala det blir søkt tilskot for. Journalen skal innehalde opplysingar om namn på plantevernmiddelet som blir brukt, tidspunkt for behandlinga og dosa som er brukt, samt området og veksten som plantevernmiddelet blei brukt på. Tilskotet kan også bli avkorta dersom føretaket ikkje kan leggje fram slike journalar for dei siste tre åra.  

§ 49 Tilbakebetaling og renter mv.  

Dersom føretaket som følgje av manglande oppfylging av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har  teke imot ei utbetaling som ikkje er rettkome, kan det feilutbetalte beløpet krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare utbetaling av tilskot. Tilsvarande gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter [§ XX Avkorting av tilskot].  

For tilbakebetalingskrav kan det krevjast renter når kravet ikkje er innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettkomne tilskotet. Størrelsen på renta følgjer rentesatsen fastsett med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m.  

Krav frå offentleg myndigheit som kjem ut av føretaket si jordbruksverksemd kan motreknast i seinare utbetalingar av tilskot til føretaket.  

§ 50 Ikraftsetjing   

Forskrifta trer i kraft [dato fastsett av Statsforvaltaren]. Samtidig blir [tidligare regional forskrift] oppheva. 

Fant du det du lette etter?