- Hjem
- Jordbruk
- Regulering og kvoter
- Mjølkekvotar
Mjølkekvotar
Mjølkeproduksjon er regulert gjennom ei kvoteordning som skal sikre at produksjon av ku- og geitemjølk er tilpassa behovet i marknaden, og ivareta distrikts- og strukturomsyn.
Om kvoteordninga for mjølk
Mjølkekvotar er ein rett til å produsere ei bestemt mengde mjølk kvart år. Vi skil mellom grunnkvote og disponibel kvote.
-
Grunnkvote
Grunnkvoten er kvoten som er tildelt landbrukseigedomen, og kvote som er kjøpt til den. Den er knytt til landbrukseigedomen, og eigaren har råderetten over grunnkvoten. Kvoten fell bort dersom det ikkje leverast mjølk på kvoten på ti år.
Grunnkvote kan kjøpast og seljast, eller flyttast mellom eigne landbrukseigedomar. For å ta i bruk grunnkvoten, må kvoten disponerast til eit føretak. Eigaren kan velje å disponere til sitt eige føretak, eller til eit anna føretak som leiger kvoten.
Disponibel kvote
Alle føretak som disponerer grunnkvote, får berekna sin disponible kvote i starten av året. Den kan bestå av grunnkvotar frå ulike eigedomar, multiplisert med forholdstalet for disponibel kvote. Disponibel kvote kan ikkje være større enn produksjonstaket, med mindre ein har fått fastsett eit individuelt produksjonstak.
Den disponible kvoten viser kor mykje mjølk som maksimalt kan leverast i løpet av året. Forholdstal for kumjølk og geitemjølk vert fastsett årleg av Landbruks- og matdepartementet, etter drøftingar med Tine, Q-meierienes produksjonslag, Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I 2025 er forholdstalet sett til 1,20 for kumjølk, og 0,95 for geitemjølk.
Lokalforedlingskvote
Denne ordninga gir produsentar moglegheit til å produsere mjølk til eiga lokal foredling eller levere til eit føretak som driv med lokalforedling. Dette skal bidra til å auke verdskaping og utnytting av marknadsmoglegheitene for lokale produkt. Du må melde om oppstart av lokalforedling av mjølk til Landbruksdirektoratet. Lokalforedlingskvoten utgjer differansen mellom produksjonstaket og eventuelle grunnkvotar som mjølkeprodusenten sitt føretak disponerer.
-
Generelt produksjonstak
Produksjonstaket avgrensar kor mykje mjølk som kan produserast per føretak, og per landbrukseigedom. Viss forholdstalet er høgare enn 1, verte produksjonstaket auke. For 2025 gjeld desse produksjonstaka:
Kumjølk: 840 000 liter Geitemjølk: 350 000 liter Individuelle produksjonstak
Føretak som disponerte meir enn 700 000 liter kumjølk, eller 350 000 liter geitemjølk per 1. januar 2024, har fått individuelle produksjonstak. Produsentar som allereie var i prosess med å utvide produksjonen, kunne søke om eit individuelt produksjonstak i løpet av våren 2024.
Føretaket får då berekna ei disponibel kvote som overstig dei generelle produksjonstaka. Det individuelle produksjonstaket kan ikkje overførast til andre føretak, med unntak av ordinært brukarskifte gjennom meieriet.
Disponibel kvote vert berekna basert på grunnkvoten føretaket disponerer det aktuelle kvoteåret, og vert avgrensa ved det individuelle produksjonstaket. Det var ikkje mogleg å få fastsett eit produksjonstak som oversteig 900 000 liter. Nedenfor er eit døme på berekning av disponibel kvote for føretak med individuelt produksjonstak:
Eksempler på beregning av disponibel kvote for foretak med individuelt produksjonstak:
Disponert grunnkvote per
1. januar 2024Disponibel kvote ved forholdstal 1,02 Disponibel kvote ved
forholdstal 0,95750 000 liter 765 000 liter 712 500 liter 890 000 liter 907 800 liter 845 500 liter 900 000 liter 918 000 liter 855 000 liter -
Frå omsetningsrunden i 2025 er det innført ei avgrensing på moglegheita for å kjøpe kvote over produksjonstaket. Det betyr at grunnkvoten på alle landbrukseigedomar ikkje kan overstige produksjonstaka ved forholdstal 1, som er 700 000 liter kumjølk og 350 000 liter geitemjølk.
Avgrensinga påverkar kor mykje grunnkvote ein kan kjøpe til ein eigedom. Med kjøp siktar ein også til alle former for erverv, med eller utan vederlag.
Det skal gjerast unntak frå visse eigedomar, som får ei individuell avgrensing på grunnkvote:
- Dei eigedomar som allereie har grunnkvote over produksjonstaka, får ei eiga avgrensing på eigedomen som er lik mengda grunnkote på eigedomen per 1. januar 2025.
- Føretak som har historisk leveringsrett over produksjonstaka, får ei eiga avgrensing på eigedomen der føretak produserer, som er lik føretakets historiske leveringsrett.
- Føretak som har fått innvilga ein historisk leveringsrett fordi dei er i ei bruksutviding, får ei individuell avgrensing i samsvar med vedtak frå Landbruksdirektoratet etter § 5a.
Kva skjer med individuell avgrensing på eigedom og individuelt produksjonstak ved sal av kvote
Dersom ein har ein eigedom med tilliggjande grunnkvote på over 700 000 liter kumjølk eller 350 000 liter geitemjølk, og sel eller på anna måte avhender kvote så man får ein grunnkvote under produksjonstaka, vil det individuelle produksjonstaket felle bort. Det betyr at ein mister si individuelle rett både på eigedomsnivå og på foretaksnivå, og ein blir omfatta av dei allmenne produksjonstaka for ku- og geitemjølk. I slike høve, vil det ikkje være mogleg å på eit seinare tidspunkt kjøpe seg opp att eller på anna måte skaffe seg kvote til over produksjonstaka.
-
Overproduksjonsavgift blir ilagt når ein mjølkeprodusent leverer meir mjølk enn den fastsette kvoten (disponibel kvote eller lokalforedlingskvote). Avgifta vert berekna per liter mjølk produsert utover kvoten, og har som føremål å regulere marknaden og sikre at produksjonen ikkje overstig det nasjonale behovet.
Her finn du gjeldande satser for avgifter.
Avgifta blir også ilagt viss ein leverer mjølk frå dyr som føretaket ikkje disponerer på varig basis. Det betyr at det ikkje er lov å levere mjølk frå dyr ein til dømes leiger inn for ein periode som er kortare enn ein laktasjon. Føretaket skal i utgangspuktet ha ein normal heilårsproduksjon, og kan ikkje berre levere i korte delar av året. Da kan heile leveransen potensielt bli ilagt overproduksjonsavgift. Viss fleire føretak driv i driftsfellesskap er det eigne reglar for korleis avgifta skal bereknast. Ta kontakt med Landbruksdirektoratet for detaljar om regelverk og berekning.
-
Produksjonsregionane avgrensar kor mjølkeproduksjonen kan gå føre seg geografisk. Ein kan berre selje eller leige ut kvote innafor den produksjonsregionen kvoten tilhøyrer. Produksjonsregionane er inndelt basert på fylkesgrensene før regionreforma i 2020.
Produksjonsregionar for kumjølk
- Oslo og tidligere Akershus fylke
- Tidligere Østfold og Vestfold fylke
- Tidligere Hedmark fylke
- Tidligere Oppland fylke
- Tidligere Buskerud fylke
- Tidligere Telemark fylke
- Agder
- Rogaland
- Vestland
- Møre og Romsdal
- Trøndelag
- Nordland
- Tidligere Troms fylke
- Tidligere Finnmark fylke
Produksjonsregionar for geitemjølk
- Nord-Norge (Troms, Finnmark og Nordland)
- Sør-Norge (resten av fylka)
Geitemjølkkvote og geitemjølkproduksjon, kan ikkje bli flytta til kommunar utan geitemjølkkvote frå før. Geitemjølkkvotar kan heller ikkje flyttast til kommunane Indre Fosen, Namsskogan, Røyrvik og Ås.
-
Viss eit nytt føretak skal overta mjølkeproduksjonen på ein eigedom, må det meldast til meieriet. Viss du planlegg brukarskifte rundt 1. mars eller 1. oktober, må du gi beskjed til meieriet i god tid. Føretak som søker om produksjonstilskot, skal være same føretak som disponerer mjølkekvote på telledato for søknadsomgangen.
-
Ved sal av grunnkvote må normalt 40 prosent av grunnkvoten som ein vil selje, seljast til staten. Det betyr at 60 prosent kan seljast privat. Kor stor andelen er, vert bestemt i jordbruksoppgjeret. Kumjølkkvote som er seld til staten, sel vi normalt ut att. Geitemjølkkvote som er seld til staten, sel vi normalt ikkje ut att.
Frå omsetjingsrunden 2025 er det innført eit tak på mengda grunnkvote ein eigedom kan kjøpe. Dette taket er på 700 000 liter grunnkvote kumjølk og 350 000 liter grunnkvote geitemjølk. Dette betyr at det ikkje lenger er mogleg å kjøpe grunnkvotar (verken privat eller frå staten) i eit slikt omfang at landbrukseigedomen si totale grunnkvote kjem over desse nivåa. Med kjøp siktar ein også til alle former for erverv, med eller utan vederlag.
Les meir om kven som kan søke, og korleis ein søker om sal av grunnkvote og kjøp av grunnkvote frå staten.
-
Beitesamarbeid er eit tilbod til mjølkeprodusentar om felles produksjon i beitesesongen for å utnytte beiteressursar, oppfylle krav i husdyrforskrifta, og gi betre moglegheit for ferie. Melding om samarbeid i beitesesongen skal du gi til meieriselskapet i god tid i forkant.
Krav til produsentar i beitesamarbeid
- Aktiv produksjon heile året: Berre mjølkeprodusentar som produserer og leverer mjølk gjennom heile året kan delta. Produsentar som til dømes fyller si disponible kvote i løpet av ein avgrensa periode av året for så å slutte å produsere, vil handle i strid med regelverket. Då vil heile produksjonen være ulovleg.
- Dyreansvar: Det er eit krav at føretak som deltar i beitesamarbeidet disponerer dyra på «varig basis», normalt over minst ein laktasjon. Det er det same om ein eig eller leiger dyra .. Det sentrale er at føretaket må ha det økonomiske og formelle ansvar for dyrehaldet.
- Beite: For å kunne nytte ordninga må det være reelle beitemoglegheiter. Krava til beite i forskrift om hold av storfe må være oppfylt.
Beitesesongen
Beitesamarbeid er berre tillate i beitesesongen, det vil si den delen av året det er eit reelt beitegrunnlag. Det er geografiske og klimatiske forhold som avgjer når beitesesongen byrjar og sluttar. Beitesesongen vil derfor variere rundt om i landet. Ved tvil er det statsforvaltaren i kvar region som bestemmer når ein kan komme i gang med beitinga eller avslutte den.
Fordeling av leveranser i beitesamarbeidet
Leveransane skal fordelast som om produksjonen fann stad i deltakarane sine eigne fjøs. Dette betyr at mjølk frå kyr føretaket disponerer, skal belastast dette føretaket si disponible kvote.
-
Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote, mjølkeprodusentar og forvaltninga har tilgang til ei enkel oversikt over kvoteopplysningar digitalt.
Kom i gang
Løysinga kan brukast på PC, nettbrett eller mobil. Logg inn på via Altinn og vel aktør:
- For å sende inn søknad om å selje grunnkvote, eller kjøp grunnkvote frå staten: Logg inn som privatperson
- For å sjå opplysningar om disponibel kvote: Logg inn som føretak (med organisasjonsnummer).
Delegering av rettar
Viss du treng hjelp, kan du delegere rettar i Altinn slik at ein anna person kan utføre oppgåvene for deg. Les meir om framgangsmåte for å delegere rettar i Altinn.
Søknadar og registreringar
Sal av grunnkvote: Frist 15. august.
Flytting av grunnkvote: Kan søkast om fortløpande.
Kjøp av grunnkvote frå staten: Frist 1. oktober.
Registrering av disponering: Frist 15. desember.
-
Sal av grunnkvote - oversikt med svar på ofte stilte spørsmål om sal av grunnkvote.
Kjøp av grunnkvote - oversikt med svar på ofte stilte spørsmål om kjøp av grunnkvote frå staten.
Registrering av disponering av grunnkvote - oversikt med svar på ofte stilte spørsmål om registrering av disponering av grunnkvote.
Flytting av grunnkvote - oversikt med svar på ofte stilte spørsmål om flytting av grunnkvote.