Regionale miljøtilskot i jordbruket er ei ordning som skal bidra til ein auka miljøinnsats i jordbruket. Utbetalinga er for miljøtiltak utført i 2024.
Statistikken viser at det er stadig fleire bønder som vel å utføre miljøtiltak i jordbruket. Det er ei auke på rundt 500 søknadar frå i fjor. Utbetalingane og mengda areal det vert utført miljøtiltak på aukar jamt og trutt.

Regionale forskjellar
Det er statsforvaltarane som avgjer kva for miljøtema og -tiltak som skal prioriterast i deira fylke. Fylka med dei store kornareala brukar store delar av midlane på tiltak som reduserer avrenning til vatn. I Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus går 70 prosent av midlane til tiltak som reduserer avrenning til vatn. I Innlandet blir 27 prosent av midlane brukte til å redusere avrenning til vatn, og 28 prosent til å ivareta kulturminne og kulturmiljø.
I vest, frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, går mykje av midlane til tiltak som tar vare på kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø, og til tiltak som reduserer utslepp av ammoniakk og lystgass til luft. I Rogaland, Trøndelag og Nordland går rundt ein femtedel av midlane til å ta vare på det biologiske mangfaldet knytt til jordbruket. I Agder og Troms og Finnmark går rundt 40 prosent av midlane til å skjøtte kulturlandskapet.

Tal frå statistikken for 2024 viser at i fylka som drenerer til Oslofjorden, dei såkalla Oslofjord-fylka, er det totalt 66 prosent av kornarealet som vert liggande i stubb etter hausting. I Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus vert ein mykje større del av arealet liggande i stubb enn i Innlandet og Vestfold og Telemark.
– Innlandet og Vestfold og Telemark har innført regionale miljøkrav for jordbruket frå 2025, så det blir interessant å sjå korleis talet på søknadar for avrenningstiltaka utviklar seg til neste år, seier seniorrådgjevar Ina Giil Solheim i Landbruksdirektoratet.
