Til hovedinnhold

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er tildelt Skjolden beitelag

Prisen er tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.

Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes
med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig
innfallsport til denne. I Mørkridsdalen er det mange godt vedlikehaldne stølar, og
framleis går det beitedyr i det gamle kulturlandskapet trass i trugsmål frå rovdyr.

Knivbakkagjerdet Foto Liv Byrkjeland.jpg
Knivbakkagjerdet Foto Liv Byrkjeland

Beitelaget har arbeidd med restaurering av den gamle bufarvegen som både er eit viktig kulturminne og ein viktig veg inn i området som gjer beiting mogleg. Det er òg sett opp fleire bruer over elvene i området, ofte etter flaumskade. Det blir jobba med kulturmarks-skjøtsel med slått, beiting og istandsetting av kulturminne i form av bufarvegar, stølar, og biologiske kulturminne slik som dei såkalla «styvingstrea».

Medlemmene i beitelaget er meir opptekne av å ta vare på stølane og kulturminna nå enn før vernet. Dette gjer stølane meir tilgjengelege for folk. I lag med verne|områdeforvaltninga og SNO har beitelaget jobba med formidling og samarbeid med skule og barnehage. Dette har gjort at Mørkridsdalen lokalt er kome på agendaen, og at det er bygd meir kunnskap og stoltheit om
området.

Beitelaget består av 12 medlemmar som driv aktivt landbruk med beitedyr.
Bygingstypane i Mørkridsdalen er tett knytte til kulturlandskapet. Dette er utløer til lagring av fôr frå slåttemarkene i området, og stølar knytt til frodige stølsvollar.

I nominasjonen blir det av verneområdeforvaltninga trekt særskilt fram den positive kulturen, og det gode samarbeidet mellom beitelaget og forvaltninga. Dette medvarkar til gode resultat i kulturlandskapet, i tillegg til næringsutvikling og verdiskaping som kjem bøndene til gode.

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om utvelgelsen kvart år.

Jury for årets pris er:

• Tidlegare landbruks- og matminister Sandra Borch - Juryleiar
• Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
• Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
• Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
• Hanna Geiran, riksantikvar
• Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga
av Landbruks- og matdepartementet.

Les meir om prisen hos Norsk Kulturarv