Til hovedinnhold

Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2025 er tildelt Østigard Flatvad

Gardbrukarane Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad på Østigard Flatvad får prisen for måten dei tek vare på kulturlandskapet i Sunndal.

Prisen blei 28. juli delt ut av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Østigard Flatvad ligg langs riksveg 70 i Sunndal, omkransa av det majestetiske Sunndalsfjella og frodige åkrar der det blir dyrka både gras og korn. Dei to bøndene driv ein aktiv landbruksproduksjon, med mellom anna mjølkeproduksjon og svinehald. Garden er òg ein besøksgard for både barnehagar og skular, der barn og unge lærer om landbruk og matproduksjon.
 

Rød låve, stabbur og et hvitt våningshus på gårdstun med stort, grønt tre. Skogkledd fjellside i bakgrunnen.
På garden Østigard Flatvad er det fleire verneverdige bygningar som blir godt tekne vare på. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad har drive garden sidan 2005. Som heiltidsbønder har dei utvikla garden til ei mangfaldig verksemd. Dei kombinerer matproduksjon med skjøtsel av kulturlandskapet, og er gode ambassadørar for eit berekraftig landbruk. Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad har dei siste åra rydda store kulturbeiter, og jobbar også med å få til beiting i gamle seterområde. På denne måten har dei vist korleis bønder kan bidra positivt til både auka verdiskaping og ivaretaking av kulturlandskapet.

Prisen består av eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl, samt 50.000 kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

Les meir om utdelinga av kulturlandskapsprisen på regjeringen.no.

Du finn meir informasjon om den nasjonale kulturlandskapsprisen på nettsida til Norsk Kulturarv.

Føremålet med ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å:

  • Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen er tidlegare tildelt:

  • 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
  • 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
  • 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
  • 2010 – Vegaøyans Venner, Nordland
  • 2011 – Maridalens Venner, Oslo
  • 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Hedmark
  • 2013 – Hauan Gard, Vestfold
  • 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
  • 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
  • 2016 – Ikkje utdelt pris
  • 2017 – Bøndene på Kvitsøy, Rogaland
  • 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag
  • 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
  • 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap,
  • Porsanger i Finnmark
  • 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
  • 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet
  • 2023 – Skjolden Beitelag, Vestland
  • 2024 – Verdensarvbøndene i Undredal, Vestland