Til hovedinnhold

Eikesdalen i Møre og Romsdal – nytt utvald kulturlandskap i 2022

Eikesdalen heilt aust i Molde kommune i Møre og Romsdal vert rekna for å vere ein av dei mest storslåtte dalane i Romsdal. No er dalen utvald til kulturlandskap i jordbruket.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Noreg, som vert støtta gjennom ei felles tilskotsordning mellom landbruks- og miljøforvaltninga. I 2022 er satsinga utvida med tre nye område – eit av dei er Eikesdalen i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke.

Dalen og Eikesdalsvatnet er omkransa av bratte fjellsider med høgder opp mot 1800 moh., og er kjent for godt og tørt klima. Det gir eit grøderikt jordbrukslandskap og varmekjære lauvskogar med eit stort mangfald av artar. Gjennom dalføret renn elva Aura ned frå Aursjøen til Eikesdalsvatnet.

Les heile presentasjonen av området på Regjeringa.no

Dei Utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande landskap over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. Dei utvalde kulturlandskapsområda syner mangfaldet av og særprega til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt.

Det er i dag 49 områder som er valde ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særegne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.

Les mer om Utvalgte kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratets nettsider