Til hovedinnhold

Éin million kroner til forsking på reindrift

Korleis blir reindrifta påverka av klimaendringar og korleis kan areala til reinnæringa sikrast? Dette er nokon prioriterte forskingsområde for årets utlysing av midlar frå Utviklingsfondet for reindrifta (RUF).

Kvart år deler Utviklingsfondet for reindrifta (RUF) ut pengar til forsking som skal bidra til ny næringsretta kunnskap om reindrifta innanfor tema som er etterspurde av næring, forvaltning, politikarar og anna samfunn.

Rein spiser lav (1).jpg
Reinsdyr på beite. Foto: Landbruksdirektoratet


Landbruksdirektoratet kunngjer, førebur styrebehandling av søknadene og følgjer opp prosjekta. For 2024 er det sett av 1 000 000 kroner i midlar til nye og pågåande prosjekt. 

Prioritert forsking

I år vil søknader innan følgjande område blir prioriterte: 

•   Tilleggsfôring

•   Klimaendringenes påverknad på reindrifta og moglege strategiar for klimatilpassing

•   Overvåking av beiteområde

•   Sikring av areala til reindrifta

•   Utvikling av det interne sjølvstyret i reindrifta

•   Rovvilt og påverknaden til rovviltforvaltninga på reindrifta

•   Dokumentasjon av den erfaringsbaserte og tradisjonelle kunnskapen til reindrifta

Her kan du lesa meir om ordninga og laste ned søknadsskjema.

Søknadsfristen er 15. september.