Til hovedinnhold

Førebelse tal for sal av mjølkekvotar 2023

I 2023 har 306 eigarar av kumjølkkvote og 18 eigarar av geitemjølkkvote søkt om sal av grunnkvote. Dette viser ei førebels teljing Landbruksdirektoratet har gjort.

Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2023. Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion, og kor mykje dei søker om å selje privat og til staten (avrunda til nærmaste 1 000).  

I år kunne for fyrste gong eigar av landbrukseigedom med grunnkvote selje 100% av kvota si privat. Det var også mogleg å selje kvote til staten, men dette var valfritt. I 2023 har det kome tre gonger så mange søknadar som i fjor. 

Ku som fyllar mjølkemugge med delar av kvota si.
Ku som fyllar mugge med delar av kvota si. Foto: Colorbox.com

Søknadar om sal av grunnkvote kumjølk 2023 

Produksjonsregionar ku Søknadar om sal Sal privat (liter) Sal til staten (liter) 
Agder 121 164 0000
Møre og Romsdal 282 537 0000
Nordland 241 766 0000
Oslo/tidligere Akershus fylke 2188 0000
Rogaland657 061 0000
Tidligere Buskerud fylke 7654 00010 000
Tidligere Finnmark fylke 3313 0000
Tidligere Hedmark fylke 241 807 0000
Tidligere Oppland fylke 292 051 0000
Tidligere Telemark fylke 284 0000
Tidligere Troms fylke 3282 0000
Tidligere Østfold og Vestfold 91 637 0000
Trøndelag 675 819 0000
Vestland 312 029 0000
Totalt 30627 392 00010 000

 

Søknadar om sal av grunnkvote geitemjølk 2023 

Produksjonsregionar geit Produksjonsregionar geit Sal privat (liter) Sal til staten (liter) 
Nord-Norge 485 00020 000
Sør-Norge 14400 00025 000
Totalt18485 00045 000

Endelege tal i oktober 

Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal, og vil kome tilbake med endelege tal i oktober så snart alle søknadane, dispensasjonar og eventuelle klager er ferdig handsama. 

Ikkje kjøp frå staten 

Den mengda kumjølkkvote som vert selt til staten i år, vil ikkje seljast ut igjen, men akkumulerast til omsetningsrunda i 2025. 

Det er ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2023. 

Til toppen AI-powered search

KI søk