Til hovedinnhold

Førebelse tal for sal av mjølkekvote – ku og geit

I 2022 har 108 eigarar av kumjølkkvote og sju eigarar av geitemjølkkvote søkt om sal av grunnkvote. Dette viser ei førebels teljing Landbruksdirektoratet har gjort.

Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2022. Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion og kor mykje dei søker om å selje til staten (avrunda til nærmaste 1 000). Tala i 2022 er på nivå med 2021, etter nokre år med høg omsetning.

Søknadar om sal av grunnkvote kumjølk 2022

Produksjonsregionar kuSøknadar om salSal til staten (liter)
Agder3100 000
Møre og Romsdal17792 000
Nordland6257 000
Oslo og tidligere Akershus fylke3155 000
Rogaland12422 000
Tidligere Buskerud fylke3125 000
Tidligere Finnmark fylke2152 000
Tidligere Hedmark fylke5172 000
Tidligere Oppland fylke6175 000
Tidligere Troms fylke4225 000
Tidligere Østfold og Vestfold fylke3239 000
Trøndelag301 740 000
Vestland14396 000
Totalt 1084 950 000

 

Søknadar om sal av grunnkvote geitemjølk 2022

Produksjonsregionar geitSøknadar om salSal til staten (liter)
Nord-Norge251 000
Sør-Norge5100 000
Totalt 7151 000

Endelege tal i oktober

Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal og vil kome tilbake med endelege tal i oktober så snart alle søknadane, dispensasjonar og eventuelle klager er ferdig handsama.

Kjøp av kumjølkkvote frå staten

Den mengda kumjølkkvote som vert selt til staten vil i år seljast til kjøparar innanfor produksjonsregionen. Søknadsfristen for kjøp av grunnkvote ku er 1. oktober.

Det er ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2022.

 

Kontakt

Karoline Hol

Telefon: undefined

Mobil: undefined

Til toppen AI-powered search

KI søk