Budsjettendringane kjem mellom anna som følgje av omdisponeringar staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) har gjort for å dekkja auka utgifter etter beitekrisa vinteren 2025.
Dei frie midlane som Ruf-styret disponerer er dermed redusert.

Vedtekne kutt
Størst er kutta i støtte til forsking og formidling, og dessutan tilskot til reindriftsanlegg.
Støtte til forsking og formidling er redusert frå 3,0 til 2,0 millionar kroner.
Tilskot til reindriftsanlegg er redusert frå 8,1 til 6,5 millionar kroner.
For resten av ordningane som Ruf-styret disponerer midlar til er det berre gjorde mindre justeringar.
Søknadsfristen for støtte til forsking og formidling er 15. september, og Ruf-styret behandlar søknadene i det siste møtet i november i år.
Når det gjeld reindriftsanlegg, er potten no brukt opp for 2025. Nye søknader vil først bli behandla i 2026, med frist 15. januar.