Til hovedinnhold

Mjølkekvotane for 2025 er berekna

I 2025 er det berekna at 6356 kumjølkprodusentar har fått tildelt ein total disponibel kvote på 1 895,5 millionar liter kumjølk. For geitemjølk er det berekna ein disponibel kvote på 21,3 millionar liter fordelt på 232 geitemjølkprodusentar.

Melkekyr på innmarksbeite

Endringar frå 2024

Samanlikna med 2024 ser vi ein nedgang på:

  • 2,1 % færre kumjølkprodusentar
  • 2,5 % færre geitemjølkprodusentar

Når det gjeld den gjennomsnittlege disponible kvoten, har det vore ei auke på 20 % for kumjølkprodusentar samanlikna med 2024.  Den store auken skuldast i hovudsak eit høgt forholdstal i 2025. Den gjennomsnittlege kumjølkkvoten i 2025 er på 298  228 liter. Sjølv med eit høgt forholdstal, ser vi at den langsiktige tendensen er som tidlegare år, at det vert færre føretak, men i snitt større disponibel kvote per føretak.

Gjennomsnittleg disponibel kvote per føretak for geitemjølk har hatt ein nedgang på 3,3 % samanlikna med året før.

Fordeling etter regionar

Tabellen nedanfor viser tal på kumjølkprodusentar fordelt på produksjonsregionar i 2025.

ProduksjonsregionTal  produsentar Disponibel kvote (liter)Andel disponibel kvote i regionen
Tidligere Østfold og Vestfold14962 494 3963,30 %
Oslo og tidligere Akershus9034 810 4731,80 %
Tidligere Hedmark385109 285 0205,80 %
Tidligere Oppland818212 577 48211,20 %
Tidligere Buskerud14341 731 6882,20 %
Telemark6917 225 1350,90 %
Agder26158 629 6633,10 %
Rogaland1016339 645 40617,90 %
Vestland961223 395 05111,80 %
Møre og Romsdal575175 646 0439,30 %
Trøndelag1236416 977 80322 %
Nordland423132 066 3807 %
Troms15043 720 9612,30 %
Finnmark8027 331 8851,40 %
Totalt63561 895 537 386100 %

For geitemjølk er produsentar fordelt på to regionar: Nord-Noreg (Troms, Finnmark og Nordland) og Sør-Noreg. Sjå tabellen under for detaljar per fylke:

FylkeTal produsentarDisponibel kvote i fylket (liter)Andel disponibel kvote i fylket
Buskerud9707 8213,30 %
Akershus131 7660,10 %
Innlandet403 054 99914,40 %
Telemark13947 6654,50 %
Rogaland111 347 3196,30 %
Vestland614 486 46421,10 %
Møre og Romsdal242 742 36912,90 %
Trøndelag2164 7510,80 %
Nordland212 135 89310 %
Troms505 654 71926,60 %
Totalt23221 273 766100 %

Forholdstal og produksjonstak

I 2025 er forholdstal for disponibel kvote kumjølk auka til 1,20, og produksjonstaket er difor 840 000 liter.  For geitemjølk er forholdstalet på 0,95 og produksjonstaket er 350 000 liter, slik som fjoråret.

Overproduksjonsavgifta for mjølk er på kr 4,90 per liter.

Informasjon om kvotebrev

Mjølkeprodusentane sine disponible kvotar for 2025 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Det er også sendt brev til alle som eig landbrukseigedom med mjølkekvote. Det betyr at du får to brev viss du både eig landbrukseigedom med mjølkekvote, og er mjølkeprodusent.

Merk at om du ynskjer å sjå på kvoten føretaket ditt disponerer for 2025 (kvotebrevet), må du logge inn som føretaket ditt og ikkje som privatperson.

Du loggar inn på kvoteordninga for mjølk her.

Kontakt for mer informasjon: presse@ldir.no 

Til toppen AI-powered search

KI søk