Til hovedinnhold

Næring basert på viltkjøt: Meir viltkjøt til folk flest

Norsk Hjortesenter med nytt klyngesamarbeid i Vestland vil gjere hjortekjøt meir tilgjengeleg «for folk flest».

Er kompetansen til jegerane god nok til å bevare kvaliteten frå dyret er felt til det er levert? Foto Jon Anders Stavang

Det finst mange rapportar om det store verdiskapingspotensialet i mottak og foredling av viltkjøt, men lite er realisert. No har Norsk Hjortesenter saman med offentlege og private aktørar i Vestland starta eit klyngesamarbeid som gjer hjortekjøt meir tilgjengeleg «for folk flest».

Saman med ei rekke næringsaktørar som driv med hjortekjøt, faglag, kommunar, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland, har Hjortesenteret sidan 2024 arbeidd for å lage eit rammeverk. Målet er å utvikle hjortekjøt som næringsveg basert på kunnskapen som ein har bygd opp.

Samarbeidet har no resultert i eit nettverk av bedrifter som vil utvikle ei næringsklynge for hjort – ei hjorteklynge.

Næringsveg for hjortekjøt – ny lokal verdiskaping

Samarbeidet skal auke lokal verdiskaping, skape distriktsarbeidsplassar og verte eit nasjonalt døme på at ein kan skape verdiar frå viltkjøt. Samstundes ynskjer hjorteklynga å gjere hjortekjøt meir tilgjengeleg for dei vanlege forbrukarane.

Kjøt frå villhjort utgjer den klart største varestraumen for hjorteklynga, men også oppdrettarar er med. Med hjorteoppdrett kan ein tilby stabile, heilårlege leveransar av ferskt og frose kjøt, og det er difor viktig å ha med både vill og tam hjort.

Gir fleire moglegheiter for jegerane

Om lag halvparten av dei 54 200 hjortane som vart skotne i Noreg sist haust, vart felt i Vestland. I kjøtmengde utgjer det anslagsvis 1000 tonn hjortekjøt.

Mykje endar i fryseboksane til jegerar og grunneigarar. Men mange skyt langt fleire hjort enn dei klarar å ete.

Les heile saka på Hjorteviltportalen

Kvifor hjort?

  • Hjort har ein mild viltsmak som «alle» likar, viser fleire undersøkingar.
  • Kjøtet er magert, rikt på omega-3-fettsyrer og inneheld mindre metta feitt enn husdyrkjøt.
  • Hjortekjøtet er også proteinrikt og er ei god kjelde til ulike B-vitamin og viktige mineral.
  • Kjøt frå hjortevilt inneheld generelt meir jern enn kjøt frå husdyr og toler lengre lagring i frosen tilstand enn husdyrkjøtet grunna det låge feittinnhaldet.