Til hovedinnhold

No kan du søke om sal av mjølkekvote

I fjorårets jordbruksoppgjer var det opna opp for 100 prosent privat sal av mjølkekvote. Det gjeld også for sal i 2024, og vi tek no imot søknadar om sal av mjølkekvote.

Melkeku på beite.jpg
Melkekyr på innmarksbeite

Søknadsfristen for sal av grunnkvote for ku eller geit er 1. august 2024. Salet får verknad frå 1. januar 2025.

Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote kan selje heile eller deler av kvoten sin. Ein kan selja inntil 100 prosent til private kjøparar innanfor same produksjonsregion. Det er óg mogleg å selje kvote til staten, det det er valfritt i år.

Pris ved sal av grunnkvote til staten er kr 4,00 per liter for både kumjølkkvote og geitemjølkkvote, medan pris ved privat sal fastset ein privat.

Søknad om sal kan ein levere i vår digitale søknadsløysing. Du kan lese meir om sal av mjølkekvote, og korleis du går fram for å søke på denne sida.

 

Til toppen AI-powered search

KI søk