Til hovedinnhold

Nok egg til jul

Nyhetssaker kan gje inntrykk av at det er mangel på egg. Rett nok er det nokon variantar av egg som kan vera utseld, og det er mindre egg på lager enn vanleg, men det er sett i verk tiltak for å sikra at det er nok egg til jul.

Egg er ein viktig ingrediens til julebakst og julemat, og etterspurnaden er derfor ekstra høg før jul.

– Det er fleire grunnar til at det no er litt mindre egg på lager enn før. Først og fremst er det etterspurnaden som har auka. Ifølgje Norturas siste prognose frå november ligg det an til at eingrossalet av egg vil auka med to prosent i 2023. Dette kan komma av fleire forhold. Egg blir valt oftare som eit billigare alternativ til kjøtt. Samtidig som etterspurnaden har auka i Noreg, har internasjonale prisar på egg vore høge. Dette har gjort at det blir mindre egg importert til industriformål, slik at det blir brukt meir norske egg i næringsmiddelindustrien, forklarer Mathias Andersen Engevik ved Seksjon for statistikk og analyse hos Landbruksdirektoratet.

For å sikra alle nok egg til jul, er det sett i verk fleire tiltak.

Avdtur 2015 - Stavanger_20150917_0168.JPG
Egg på lager- Foto: Landbruksdirektoratet

Endå egg til alle

Både Landbruksdirektoratet og Nortura har teke grep for å skaffa meir egg.

Dette er dei viktigaste tiltaka:

  • Produsentene lèt «pensjonerte» høner verpa lenger, slik at produksjonen aukar.
  • Nortura har auka betalinga til eggprodusentane.
  • Landbruksdirektoratet har mellombels fjerna toll for import av egg. Dette skal få matindustrien til å bruka importerte egg, slik at det blir meir norske egg i butikkhyllene til oss andre.

– Desse tiltaka vil i sum sikra nok egg før jul, så det er ingen grunn til å fylla kjøleskapet med meir egg enn ein treng, forsikrar Andersen Engevik.