
Seterkulturen har vore svært utbreidd i Noreg, men talet på setre har vore i kraftig tilbakegong, og er dei siste 20 åra omtrent halvert. På 1950-talet antar vi at det var rundt 22000 gardsbruk med seter.
750 setre i 2023 – oppgang frå året før
I 2023 var det 750 setre som fekk tilskot til drift gjennom ordninga Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP).
–Dette er ein liten oppgang frå året før, men vi håpar at trenden med færre seter i bruk vil stogge og stabilisere seg og kanskje så smått auke i tal igjen, seier Ina Giil Solheim, rådgjevar i Landbruksdirektoratet.
Dei siste åra er det gjort grep for å styrke seterdrifta, blant anna ved at det gjennom RMP-ordninga vert gitt meir støtte til fylke med mange setre. Dei fylka som har flest setre i drift er Innlandet og Trøndelag.
Tilskot til seterdrift gjennom regionale miljøtilskot er det viktigaste økonomiske verkemiddelet, men ordningane Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) og Landbrukets verdsarvordning (ARV) støttar også opp om drift og investeringar på setre. Tilskotsordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan også nyttast til investeringar på seter for å sikre vidare drift.
Ressursutnytting og matproduksjon er sjølve grunnlaget og årsaka til at seterdrifta eksisterer. På dei setrene som er igjen vert det drive berekraftig utnytting av utmarksressursane.
Rikt på verdiar
Bruken av utmarksressursane er viktig i beredskapssamanheng og er ein del av grunnlaget for sjølvforsyning her i landet. I tillegg opprettheld seterdrifta viktige natur- og kulturmiljø, og bidreg til eit rikt biologisk mangfald og verdifulle landskap.
Den immaterielle kulturarven knytt til setre famnar blant anna kunnskap som er tileigna gjennom erfaring og ferdigheiter knytt til bruk av landskapet og naturressursane, beiting og fôrhausting, dyrestell, ysting og ystetradisjonar.
Den immaterielle kulturarven famnar også lokale stadnamn på setre og tilhøyrande beiter, som fortel noko om bruken av landskapet. –Det er eit stort mangfald av eventyr, segn, viser og regler knytt til gjeting, husdyrstell og seterliv – tenk på huldra til dømes! Lokking og folkemusikk er andre døme, avsluttar Giil Solheim.
Les rapporten Forslag til satsing for fortsatt seterdrift
Se meir på statistikksidene til Landbruksdirektoratet
