Til hovedinnhold

Nye rapportar om byggjekostnadar og lausdriftsfjøs

NIBIO vil presentere nye rapportar om landbruksbygg og omstilling til lausdrift på Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 7. mars 2024.

NIBIO leverte i desember 2023 to rapportar som vart bestilt i jordbruksoppgjeret i 2022 og støtta over Landbruksdirektoratet si ordning Nasjonale tilretteleggingsmiddel. 

Den eine rapporten ser på om det er ulikheiter i pris og finansiering av nye fjøs og andre driftsbygg i dei ulike delane av landet. Forskarane finn at det er geografiske skilnadar i byggekostnadar, med Jæren og Trøndelag/Nord-Noreg som ytterpunkt. Dei finn òg at det er regionale variasjonar når det gjeld finansieringsløysingar, både frå det private og offentlege. Årsakene til dette er samansette og handlar mellom anna om klima, kultur, kompetanse og konkurranse. 

03 Øya og Nordre Eik Foto Oskar Puschmann.jpg
Ravinedalsbeiter i god hevd på gården Lyshaug. Beitetråkket fra kyra er tydelig i landskapet. Foto Oskar Puschmann

Den andre rapporten har samla kunnskap om kva som skal til for å lukkast i overgangen frå bås- til lausdrift. Dette er gjort ved å sjå på resultata frå regionale prosjekt, slik som prosjekt Innlandsfjøset og Storfeprosjektet i Vestland, og gjennom å intervjue mellom anna gardbrukarar og rådgjevarar. 

Vert presenterte 7. mars 

Marie Henriksen Bogstad er rådgjevar i NIBIO og har vore prosjektleiar for eitt av prosjekta. Ho legg fram funna frå rapportane på Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 7. mars, som del av sesjonen «Kunnskapsutvikling, innovasjon og rådgjeving». Du kan følgje innlegget hennar og ei rekkje andre spanande tema på konferansen digitalt frå våre nettsider. 

 Meld deg på og følg konferansen her

 

Les rapportane på NIBIO sine nettsider: 

Du kan finne meir informasjon om ordninga Nasjonale tilretteleggingsmiddel på våre nettsider.