Like før sommaren lyste direktoratet ut fire mill. kroner til nasjonale tiltak som kan bidra til auka sjølvforsyning gjennom betre grovfôrproduksjon og effektiv fôring. Utlysinga var ei oppfølging av føringar frå jordbruksoppgjeret over ordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel, med bakgrunn i Stortingsmeldinga om strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket (Meld. St. 11, 2023-2024).
Innan fristen 19. august fekk vi tilsendt tre søknadar med eit samla ressursbehov på om lag 4, 7 mill. kroner. No er vedtaksbreva sendt ut, og Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) har motteke fire mill. kroner til å ferdigutvikle eit nasjonalt tilgjengeleg rådgjevingsverktøy som skal bidra til auka norsk sjølvforsyning gjennom forbetra grovfôrproduksjon og smart fôring.
Prosjektet byggjer på dei tidlegare prosjekta «Grovfôr2020» og «Økt norsk grovfôr», og har med seg Tine SA, Felleskjøpet Agri og Yara som samarbeidspartnarar. Prosjektet si målsetjing er å hjelpe mjølke- og kjøtprodusentar til å optimalisere drifta på eigen gard. Metoden med å bruke nøkkeltal i produksjonen, «benchmarking» mellom gardbrukarar og gruppediskusjonar i rådgjevingssamanheng, vil hjelpe gardbrukarar å dele informasjon med kvarandre og optimalisere bruken av innsatsfaktorar.
Vi lyser om kort tid ut nasjonale tilretteleggingsmiddel til prosjekt med oppstart i 2025, med søknadsfrist i siste halvdel av oktober. Følg med på våre nettsider om nasjonale tilretteleggingsmiddel.