Rødhyll vart importert til Noreg som prydbusk på 1800-talet. Sidan har han spreidd seg frå hagar og parkar ut i norsk natur, der han har vorte eit stort problem for skogforynginga i stadig større delar av landet. I Artsdatabankens framandartliste er rødhyll oppført med vurderinga «SE – svært høg økologisk risiko». Det inneber at arten både har høgt invasjonspotensial og negativ effekt på skogøkosystemet.
Kveler skogen
Rødhyllen har no funne seg til rette i skog i alle landsdelar sør for Nordland. Det er også funne rødhyll heilt opp til 900 meter over havet. Dei raude bæra blir etne av fuglar som dermed bidreg til spreiing til stadig nye område. Rødhyll veks svært raskt og han blir opptil fire meter høg. Dermed skyggjer han for veksten til unge tre i produktiv skog.
- Dei siste tala over utbreiing frå Landsskogtakseringen (NIBIO) viser at rødhyll har innvadert om lag to prosent av Noregs produktive skogareal. Førebels er han mest utbreidd på Austlandet og Sør-Austlandet. Nesten all rødhyll er dermed funnen i økonomisk drivberre skogsområde, særleg i gran- og lauvtredominert skog, fortel Gro Hylen i Landbruksdirektoratet.
Krevende å få bukt med
Sidan rødhyll veks mykje raskare enn gran, kan han utkonkurrera grantre i kampen om lys og næring. På hogstflater som skal foryngjast er det derfor ønskjeleg å fjerna rødhyll, slik at grantrea slepper konkurranse.
Det held ikkje å kutta ned rødhyll, for dei veks raskt ut igjen frå stubben. Fjerning av plantane før bæra modnar, bidreg likevel til redusert spreiing med fuglar.
- NIBIO har i samarbeid med statsforvaltarar og landbrukskontor i dei mest ramma områda prøvd ulike måtar å få bukt med rødhyll i plantefelt. Ein kombinasjon av nedkapping og sprøyting, har vist seg å gi best resultat. Dette må gjerast før rødhyllen blir to meter, då miljøkravet frå skogbruket forbyr sprøyting på vegetasjon høgare enn dette, seier Hylen.