Til hovedinnhold

Satsing på rekruttering til landbruksfag

Det er innvilga 16 millionar kroner til tiltak innan nasjonal næringsutvikling og kompetanseheving for 2024. Midla skal gje auka verdiskapinga i landbruket.

Landbruksdirektoratet har motteke 35 søknadar om tilskot på ordninga “Nasjonale tilretteleggingsmiddel” i haust. Til saman vart det søkt om 42,9 millionar kroner. 13 av søknadane er innvilga og mottek til saman 15,9 millionar kroner. 

Tildelingane gjekk til søkarar med ei god forankring i landbruksnæringa og  prosjekt av nasjonal nytteverdi. Tiltaka skal bidra til å nå dei landbrukspolitiske måla. 

Rekruttering til landbruksfag prioritert

Den største delen av midla gjekk til to prosjekt som har fokus på rekruttering til landbruksfag. Stiftelsen Lystgården sitt prosjekt «Skolehage som rekrutteringsarena til landbruksfagene» som fekk den største løyvinga. Prosjektet har som mål å utvikle eit valfag innan skulehagar for ungdomsskuleelevar og skal motivere elevane til å velje landbruksfag som utdanningsveg. 

NMBU sitt prosjekt «Velg Mat» fekk også løyving. Prosjektet skal, med insipirasjon frå «Velg Skog», mobilisere utdannings- og næringsaktørar til å synleggjere moglegheitene i sektoren. 

Rekruttering til landbruksutdanning var eitt av fire særskilte tematiske prioriteringar i årets utlysing, etter føringar frå jordbruksoppgjeret. 

Det vart òg gitt støtte til fleire prosjekt innan økologisk landbruk, HMS med meir. 

Følgjande 13 prosjekt har no fått klarsignal til å setje i gong: 

Prosjekteigar 
 
Prosjekttittel 
 
Tildeling 
BUSKERUD FYLKESKOMMUNE 
 
Kortreist mat - Enkel, attraktiv og konkurransedyktig handel av lokalprodusert mat, som bidrar til økt matsikkerhet, bedre folkehelse og som styrker lokalt næringsliv 
 
600 000 
MÆRE LANDBRUKSSKOLE 
 
Økte avlinger med styrka jordhelsekompetanse 
 
300 000 
NGF SERVICEKONTOR 
 
Plantefrisk 
 
159 000 
STIFTELSEN LYSTGÅRDEN 
 
Skolehage som rekrutteringsarena til landbruksfagene 
 
4 065 500 
NORSVIN SA 
 
Koordinering av omlegging til SPF i norsk svineproduksjon 
 
2 024 400 
STIFTELSEN NORSK HESTESENTER 
 
Veien til Godkjent hestevirksomhet- Kvalitet og trygghet i hestenæringen 
 
810 000 
NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI 
 
AgroSmågrønt - Agronomiske utfordringar og lønsemd i marknadshagar 
 
675 000 
ANIMALIA AS 
 
Bærekraftig håndtering av innvollsparasitter hos storfe 
 
839 350 
URFE SA 
 
Marknadsmoglegheiter og nettverk for kommersiell satsing på på grasfora og økologisk kjøtt og mjølk  frå bevaringsverdige, norske mjølkeferaser 
 
  611 000 
DET KONGELIGE SELSKAP FOR NORGES VEL 
 
Oppskalering av nye lovende byggsorter til malting og testsmaking 
 
350 000 
ST. OLAVS HOSPITAL HF 
 
Ny veileder for håndtering av bløtgjødsel 
 
1 788 844 
BUSKERUD FYLKESKOMMUNE 
 
Kortreist mat - Enkel, attraktiv og konkurransedyktig handel av lokalprodusert mat, som bidrar til økt matsikkerhet, bedre folkehelse og som styrker lokalt næringsliv 
 
600 000 
MÆRE LANDBRUKSSKOLE 
 
Økte avlinger med styrka jordhelsekompetanse 
 
300 000 
Innvilga totalt 
 
 
15 894 794 

Neste moglegheit til å søkje om “Nasjonale tilretteleggingsmidel” vert etter planen hausten 2025, og gjeld tiltak med oppstart i 2026. 

Følg med på våre nettsider om nasjonale tilretteleggingsmiddel.