Til hovedinnhold

Søk om individuelt produksjonstak innan 31. mars

Produsentar som allereie var i ein prosess med å utvida mjølkeproduksjon då produsjonstaka vart redusert, kan no søke om individuelt produksjonstak.

Melkeku på beite.jpg
Melkekyr på innmarksbeite

Søknadsordninga er aktuell for deg som er i prosess med å utvida mjølkeproduksjonen ut over dei nye reduserte produksjonstaka. Ein høgare leveringsrett gjer at du får eit individuelt produksjonstak når vi reknar ut kvota for føretaket ditt. Med andre ord avgrensar vi ikkje føretaket ditt sin disponible kvote før du når ditt individuelle produksjonstak.

Føremålet med ordninga er å ivareta dei produsentane som allereie var i ein prosess med å utvida mjølkeproduksjon då produsjonstaka vart redusert. Ordninga er berre relevant for deg som var i prosess med å utvida ut over 700 000 liter kumjølk eller 350 000 liter geitemjølk per 31. desember 2023.

Fristen for å søka er 31. mars 2024

Du må legga ved dokumentasjon som viser at du er i ein prosess med å utvida produksjonen, og kor stort volum du har planlagt for.  Viss vi innvilgar søknaden din, kan vi setja vilkår som til dømes gjer at produksjonsretten fell bort eller vert justert ned viss du ikkje har sluttført utvidingsprosessen innan ei nærare frist. Du kan ikkje få ein produksjonsrett som overstig 900 000 liter.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om korleis du søkjer og kva dokumentasjon du må legga ved på Landbruksdirektoratet si nettside. Der finn du òg kontaktinformasjon om du har spørsmål til søknadsordninga.

Kontakt

Hanna Matre