Til hovedinnhold

Tollnedsetjing på import av sau

Landbruksdirektoratet har etter anmodning frå kjøtbransjen vedteke generell tollnedsetjing på import av heile og halve ferske skrottar av sau, gjeldande frå 18. mai til 7. juni. 

Bakgrunnen for anmodninga er at det i vår har vorte vanskelegare å få tak i nok norsk sauekjøt for å dekka etterspurnaden, spesielt hjå produsentar av spekemat. Reguleringslageret for sau har vore tomt sidan februar 2020, og i februar 2021 vart òg reguleringslageret for lammekjøt tømt. Marknadsregulator Nortura, ved Totalmarked kjøtt og egg, har prognosert med eit underskot på sauekjøt i 2021. 

Tollsatsen for sau ned for første gong 

Det er første gong Landbruksdirektoratet administrerer ned tollsatsen for sau. Før lagera vart tømde, var me inne i ein lengre periode kor det var eit utfordrande overskot av sauekjøt i Noreg, og store mengder sau på reguleringslager.  

Når det tidlegare har vorte importert sau eller lam, har dette vorte gjort under eksisterande importkvoter. Dagens marknadssituasjon gjer at desse no er mindre aktuelle. Dei viktigaste eksportørlanda har vore Island og New Zealand. Den importen som har kome inn dei siste åra, har hovudsakleg vore av lam eller stykningsdelar. Tollnedsetjinga som no kjem, gjeld for heile og halve ferske skrottar av sau. 

– Vurderinga vår er basert på innhenting av norske og utanlandske prisar. Me meiner at tollnedsetjinga er naudsynt for å leggja til rette for import som supplement til norsk produksjon av omsyn til forbrukarar og næringsmiddelindustri, samtidig som det ikkje er venta å gå ut over avsetjingsgrunnlaget for norsk produksjon, seier seniorrådgjvar Anders Hellestveit i Landbruksdirektoratet. – Prisdifferansen mellom norsk sau og importprisar innhenta frå aktørar i marknaden, gjev etter våre kalkylar grunnlag for tollfritak, altså  0,00 kroner per kilo, mot ordinær tollsats kr 24,15 kroner per kilo. 

Landbruksdirektoratet følgjer nøye med på importsituasjonen, spesielt med tanke på å unngå at dette skal bidra til importskapt overskot som kan få negative følgjer for norsk slakting til hausten.  

– Om vurderinga vår ikkje endrar seg etter dei tre første vekene, vil me i starten av juni utvida importperioden med tre nye veker, seier Hellestveit. 

Kontakt

Anders Hellestveit

Telefon: 55_56_54_48_54_49_54_48