Til hovedinnhold

Uendra andel økologisk jordbruksareal

I 2023 utgjorde økologisk jordbruksareal i drift 410 900 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. Det er om lag det same som året før melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Jordbrukslandskap med gårder i bakgrunnen

Dersom ein tar med 49 700 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, karensareal i drift, utgjer arealet 4,7 prosent. Karensarealet aukar for andre år på rad, noko som gir håp om meir økologisk areal i dei komande åra.

Det var i 2023 mest økologisk jordbruksareal i Oslo/Viken og Trøndelag, med høvesvis 118 800 og 93 000 dekar. Økologisk areal utgjorde knapt 6 prosent av alt jordbruksareal i drift i kvar av desse fylka og til saman hadde dei 46 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold og Telemark fylke hadde høgast del økologisk areal med 6,8 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Les heile artikkelen og sjå statistikken hjå SSB

Artikkelen er ein del av serien om Jordbruk og miljø

Fakta om økologisk jordbruk

Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet avpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.