Til hovedinnhold

Utarbeider retningsliner for gjødsling etter krav om fosforbalanse

Ny gjødselbrukforskrift frå 1. februar fastset grenser for fosformengder som kan tilførast på jordbruksareal. Landbruksdirektoratet har sett i gang arbeid med å lage retningsliner som skal gjelde for gjødsling etter det nye kravet om fosforbalanse.

I staden for å følgje dei faste grensene for fosformengder pr dekar, kan gardbrukaren frå 1.1.2027 føre rekneskap over fosforstraumane inn til og ut frå føretaket. Når fosforstraumane syner balanse, blir det ikkje gjødsla med meir fosfor enn det som blir tatt ut i avling.

Landbruksdirektoratet har sett i gang arbeid med å greie ut korleis ein slik rekneskap skal setjast opp.

Direktoratet vil lage retningsliner for korleis ein skal rekne på tilhøvet 1:1 der fosfor i form av gjødsel og fôr går inn til føretaket og plante- og husdyrprodukt går ut, samstundes som fosforet også tek andre vegar.  Mellom anna må det greiast ut kva postar som skal vera med i rekneskapen, kva som skal vera særskilde tal for det enkelte føretaket og kva som skal vera standardtal. 

I første omgang vil vi utvikle ein fagleg modell som skal syne kva krav som vil gjelde frå 2027. Siktemålet er at opplegget skal vera klart slik at den enkelte skal vite kva ein har å halde seg til frå hausten 2026. Det vil også bli laga eit enkelt verktøy som er meint til hjelp for bonden, til planlegging og dokumentasjon.

For å utvikle eit opplegg som er fagleg forsvarleg og  praktisk gjennomførleg, legg vi opp til brei involvering frå aktørar i næringa inkludert rådgjevingstenesta. 

 

Kontakt

Bjørn Huso

Telefon: 57_55_57_32_55_54_32_54_52_57