Til hovedinnhold

Utbetaling av miljøtilskot til 23 000 bønder

I mars 2026 er det utbetalt 1,141 milliardar kroner til bønder som har gjennomført miljøtiltak (RMP) på areala sine i 2025. Det er ei auke på 42 millionar frå i fjor.

Rundt 23 000 bønder har fått søknaden sin godkjent for tiltak i 2025, og dei har no fått pengane inn på konto. Talet på søkjarar ligg på det jamne med fjoråret, så for første gong på ein del år ser vi ei utflating i talet på søkjarar. 

Auka areal 

Vi ser derimot av statistikken at mengda areal det vert utført miljøtiltak på, ikkje har gått ned, men fortset å auke for dei fleste miljøtema og tiltak. Etablering av fangvekstar er eit godt døme på miljøtiltak som har hatt auka oppslutning dei siste åra: 

Stolpediagram som syner auken i bruk av fangvekstar.

Framleis går ein stor del av midlane til å redusere avrenning til vatn, medan kulturlandskap og utslepp til luft er to andre store postar. 

Stolpediagram som syner utbetalingane til dei ulike miljøtema i RMP.

Det er stor interesse for tilstanden i Oslofjorden. Avrenning av næringsstoff frå jordbruket er ei av årsakene til at den økologiske tilstanden i fjorden er under sterkt press. På landsbasis vart det i 2025 innvilga tilskot med 463 millionar kroner til tiltak som reduserer avrenning til vatn frå jordbruket. 85 prosent av desse midlane går til bønder som har utført vassmiljøtiltak i dei såkalla Oslofjord-fylka. 

Tilskota fungerer 

I 2025 var det ein nedgang på nesten 7 % for tiltaket ingen jordarbeiding om hausten. Årsaka til dette skuldast truleg at mykje areal vart haustsådd. Vi ser at det var ein markant auke i etablering av haustkorn etter hausting av fjorårets avling. I regionale miljøtilskot i jordbruket heiter dette tiltaket direktesåing av haustkorn og haustoljevekstar.

Direktesåing av haustkorn kan bidra til redusert jord- og næringsstofftap frå areala. Tiltaket er også positivt for jordhelsa. Når jorda vert utsett for mindre arbeid og forstyrringar, vert forholda for dei jordlevande organismane betre. Årsaka til den store auka i direktesåing kan blant anna være at vêrforholda på hausten var betre i 2025 enn tidlegare år for å etablere haustkorn. Det kan også henge saman med at stadig fleire har tilgang på eller har ei eiga direktesåmaskin. Og ikkje minst at tilskotet fungerer etter hensikta! 

Til tross for positive tal for dei fleste miljøtiltaka er det enkelte områder som har ein nedgåande trend. 2025 var nok eit år der vi ser nedgang i tal setre i drift, frå 743 i 2024 til 721 i 2025. I jordbruksoppgjeret 2025 vart minstesatsane for drift av seter satt opp. Vi får håpe at dette kan vere med å bremse nedgangen i åra som kjem. 

Geitekje som titter inn i kamera.
Geitekje på Herdalssetra i Nordal Møre og Romsdal som ser ut til å vere godt nøgd med livet på setra». Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Ulike prioriteringar i regionane 

Regionale miljøtilskot i jordbruket er ei frivillig ordning som skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket. Det er ei regional ordning, der det er fylka, ved statsforvaltarembeta, som lagar eigne miljøprogram som dekker ei rekkje miljøtema. Statsforvaltaren vel ut kva for miljøtiltak ein kan søkje på i sine fylke. Det er eit langstrekt land med ulike miljøutfordringar og denne regionale forankringa gjer at ein får spissa miljøinnsatsen mot dei lokale og regionale miljøutfordringane knytt til jordbruket. Ordninga dekker ei rekkje miljøtema: kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, avrenning til vatn, utslepp til luft, plantevern, jord og jordhelse og miljøavtale. 

Her finn du datagrunnlaget for RMP-søknadane

Til toppen AI-powered search

KI søk