Til hovedinnhold

Utviklingsfondet for reindrifta fordeler nær 15 millionar kroner for 2025

Reindriftsanlegg og kunnskapsformidling vart prioritert då Utviklingsfondet for reindrifta (RUF) hadde møte 28. november 2024.

Den totale tildelinga for RUF i 2025 er på 73,6 millionar kroner, der 58,75 millionar kroner er øyremerkte midlar fastsett av avtalepartane, det vil seie staten ved LMD og NRL. RUF-styret har dermed 14,85 millionar kroner til disposisjon i 2025. Desse midlane vart fordelte for 2025, med dei viktigaste prioriteringane innan reindriftsanlegg og forsking og kunnskapsformidling 

Budsjett for 2025 

Dei største postane i Rufs vedtekne budsjett er: 

  • Tilskot til reindriftsanlegg: 8 millionar kroner. 
  • Forsking og kunnskapsformidling: 3 millionar kroner. 
  • Juridisk bistand: 0,6 millionar kroner. 
  • Tilskot ved omfattande tap av rein i ulykke: 1 million kroner. 
  • Diverse utviklingstiltak: 0,4 millionar kroner. 

Ein buffer på 0,88 millionar kroner er også sett av for å dekkje eventuelle behov som oppstår i løpet av året. 

I tillegg er det sett av midlar til mindre ordningar som kursutgifter, feltbarnehagar, fjerning av gammalt gjerdemateriell og kvinneretta tiltak. 

Reinsimle på beite.                                                                                                                 Foto: Landbruksdirektoratet
Reinsimle på beite. Foto: Landbruksdirektoratet

Søknadsbehandling inneverande år

RUF-styret har i 2024 gjennomført sju møte, dei fleste som videokonferansar. Styret har behandla totalt 91 saker i løpet av 2024. Det siste møtet i år vart fem søknader om tilskot til reindriftsanlegg behandla. Éin søknad vart innvilga, éin vart utsett og tre fekk avslag på grunn av manglande dokumentasjon. RUF har i 2024 også tildelt midlar til ei rekkje mindre tiltak. Dette inkluderer kursutgifter, kvinneretta tiltak, transport, feltbarnehagar og tilrettelegging for reindriftsutøvarar med nedsett funksjonsevne.  

Møteplan 2025 

Det vart vedteke å gjennomføre seks styremøte i RUF i 2025 på følgjande datoar: 

  • 13 februar
  • 27 mars
  • 5 juni
  • 4 september
  • 23 oktober
  • 27 november