KOSTRA landbruk
Rapport
40/2026
Utgitt
24.6.2026
Sammendrag
Under det nye jordvernmålet for første gong
Den positive utviklinga held fram, og i 2025 blei 1 793 dekar dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk (figur 1). Det er det lågaste nivået sidan registreringa starta i 1967. Det nye jordvernmålet om maksimal årleg omdisponering på 2 000 dekar innan 2030, er dermed nådd for 2025. Den største andelen av omdisponert dyrka jord i 2025 blei avsett til formål knytt til samferdsel og teknisk infrastruktur (29 prosent) med bustadføremål (24 prosent) tett på.
Nydyrkinga held seg stabil
I 2025 blei 12 911 dekar godkjent for nydyrking. Det er om lag som i fjor. Det er grunn til å tru at nedgangen dei siste åra blant anna heng saman med forbodet mot nydyrking av myr som tok til å gjelde i 2020. Det blei gitt dispensasjon til nydyrking av 458 dekar myr i 2025.
Meir planvask
I 2025 blei 597 dekar tidlegare omdisponert dyrka jord rapportert som tilbakeført til LNFR-formål. Dette er betydeleg meir enn i 2024, då berre 76 dekar ble rapportert planvaska. At det ikkje blir rapportert enda høgare tal for tilbakeføring, kan forklarast med at planvask på kommuneplannivå ikkje blir rapportert i KOSTRA.
Færre saker etter jordlova – stabilt etter konsesjonslova
Talet på omdisponerings- og delingssaker etter jordlova går framleis nedover. Kommunane behandla 629 omdisponeringssaker og 2 127 delingssaker i 2025. Avslagsprosenten var på 17 for omdisponeringssakene, litt høgare enn føregåande år, og i overkant av ti for delingssakene, noko som er på linje med tidlegare år. Det er små endringar i statistikken over saker etter konsesjonslova. I 2025 behandla kommunane til saman 2 525 vanlege søknadar om konsesjon og innvilga i alt 2 462 av dei. Det er 195 fleire søknadar enn i 2024. Andelen søknadar som ble innvilga er om lag som i 2024.