Prosjektperioden var frå 2020-2024. Det vart gjennomført feltforsøk ved NIBIO Særheim og ved NIBIO UIlensvang alle vekstsesongane. Arbeidet med å skaffa oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat er gjennomført og publisert i ein Nibio Rapport. Feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet vart starta opp ved Nibio Særheim og Ullensvang våren 2020 og heldt fram til og med 2023.
Det vart prøvt tre ulike måtar å tilføra gjødsel på:
1) All næring blir i tilført i dryppvatningsanlegget
2) All næring blir gitt som granulert langtidsverkande gjødsel i kvar potte
3) Næringa blir tilført som bladgjødsling .
Det vart gjort registreringar på avrenning i pottene, næringsopptak, avling, fruktkvalitet og klima. Trea som fekk tilført næringsIøysing i dropevatnet gav størt avling med store av god fruktkvalitet. I 2020 vart det ved Nibio Ullensvang starta opp forsøk med ulike sortar og forming av trea - spindel tre og UFO (Upright Fruiting Offshoots) for intensiv produksjon i potter ved bruk av svakveksande grunnstammer (G3 og G5). Desse trea var i full produksjon tredje året etter innpotting. Det vart gjennomført dei same registrerigane som under ulike gjødseltilføringløysingar . Arbeidet med å kartleggja noverande og nytt dyrkingsopplegg hjå dyrkarar starta opp i 2022 og vart avslutta i 2023. Samla var 10 brukarar med og det vart analysert på 20 dyrkingsfelt med omsyn til avling, kvalitet og økonomi.