Inntektsopptrapping for landbruket som styrkar dei landbrukspolitiske måla
Prosjektfakta
| Prosjektnummer | 204720 |
| Prosjektleder | Eirik Magnus Fuglestad og Torbjørn Tufte |
| Prosjekteier | Ruralis og AgriAnalyse |
| Samarbeidspartnere | |
| Prosjektperiode | 2023 |
| Ordning | Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri |
| Prosjekttype | Utredning |
| Midlene er innvilget av | Styret for forskningsmidler over jordbruksavtalen |
| Innvilget | Kr. 594 365,- |
| Resultatrapport | Opptrapping i jordbruket - Ei ny retning for å betra svara opp dei landbrukspolitiske måla |
-
Målet med prosjektet er å ta utgangspunkt i den varsla opptrappinga av inntektene i landbruket og å vurdere verkemiddelapparatet for inntektsløftet oppimot verknader for dei fire hovudmåla i landbrukspolitikken. Prosjektet vil drøfte og analysere ulike tiltak og fremje forslag til tiltak som kan vere hensiktsmessige for betre måloppnåing for: landbruk over heile landet; matsikkerheit; auka verdiskaping; og berekraftig utvikling gjennom verdikjeda. Til dømes korleis forskjellige innrettingar kring både pris- og tilskotspolitikken støtter opp om og/eller utfordrar matforsyninga, økologisk berekraft og bruks- og geografisk struktur i landbruket, inkludert sosial og økologisk berekraft, i lys av å fremje bruk av norske ressursar bygd kring den einskilde garden sitt ressursgrunnlag. Bakgrunn for prosjektet er at ikkje sia opptrappingsvedtaket i 1975 har det komme så tydelege tverrpolitiske signal om at jordbruksinntektene skal aukast. Samstundes viser både Riksrevisjonen (2010) og OECD (2021) til at det er svak måloppnåing på fleire av dei landbrukspolitiske måla. Prosjektet vil vurdere dagens verkemiddelapparat og eventuelle tilpassingar og endringar i dette, inkludert samspelet pris versus tilskot, for å gi kunnskap om korleis ein skal få ei «berekraftig» inntektsopptrappinga til bøndene, samstundes som dette fremjar ei utvikling i jordbruket som støttar sterkare opp om samfunnsoppdraget gitt gjennom dei landbrukspolitiske måla.
-
Analysen har vist at stor vekt på produksjonsdrivande ordningar i tilskotssystemet er ein stimulans for at det er økonomisk rasjonelt for bøndene å prioritere utviding av garden og intensivering av råvareproduksjonen. Dette skjer til dømes gjennom auka kvantum og yting/avdrått i husdyrhaldet, inkludert kraftfôrbruk som erstattar grovfôr og beitebruk i fôringa. Vekta på korleis bøndene produserer ut frå arealgrunnlaget, og forvaltninga av sjølve arealet, er soleis svakare stimulert gjennom tilskota til bøndene.
Over tid utfordrar dette bruken av norske areal i jordbruket, der det tradisjonelle produksjonsmønsteret vert utfordra ved at kopling mellom arealressursar på garden og produksjonsmengda frå garden vert svakare, spesielt i drøvtyggjarproduksjonane. Samla sett har dei fire landbrukspolitiske måla ein tendens til å komme i bakgrunnen, fordi det er for lite samsvar mellom måla og verkemiddelsystemet i koplinga til kva og korleis få god måloppnåing på alle dei fire landbrukspolitiske måla.
Ut frå analysen i denne rapporten vil det å leggje større vekt i tilskotssystemet på sjølve produksjonsgrunnlaget (arealet) og dei samla tenestene jordbruket leverer gjennom meir og betre bruk av dei norske areal, vere formålstenleg opp mot dei landbrukspolitiske måla. Eit slikt tilskotssystem vil setta jordbruksarealet og korleis det vert drifta i sentrum. Det inneber økt fokus på tenester jordbruket leverer, noko som gir sterkare prioritering av det multifunksjonelle jordbruket og svakare økonomiske insitament retta direkte mot volum/råvareleveransane og produktmengda frå husdyr.
Det vil seie å utforme eit tilskotssystem som økonomisk vektlegg produsert volum og levering av kollektive gode og tenester meir likt. Dette kan gjerast gjennom belønning og krav til bøndene om meir berekraftig arealforvaltning, og tilskot som støttar opp om ulike driftssystem som gir god arealskjøtsel.
Her kan ein hente lærdom frå land som Sveits og Austerrike, som båe har tilskotssystem kopla til sjølve jordbruksarealet og skjøtsel på det reelle arealet bruket driftar. I desse landa vert driftsvanskar på arealet og leveransar av fellesgode, som miljøvennleg drift og biologisk mangfald, tungt vekta i tilskotsutbetalingane gjennom krav og belønning for ynskja drift24. Ut frå drøftinga av tilskotssystemet og dei landbrukspolitiske måla er det mykje som tilseier at det kan vere lurt å dreie tilskotssystemet mot verkemiddel som prioriterer å oppretthalde det dyrka jordbruksarealet. Det å støtte berekraftig bruk med arealet i sentrum i jordbruksproduksjonen, kan styrke jordbruket sine leveransar opp mot dei landbrukspolitiske måla. Dette kan samanfattast i fire punkt der ein koplar norsk jordbruksareal til dei fire landbrukspolitiske måla:
1. Betre og meir bruk av dei norske areala vil kunna styrke jordbruket si evne til å sikra ein betre forsyning- og beredskapsevne på lang sikt. Det er i arealressursane det stadbundne produksjonsgrunnlaget ligg, og i kompetansen hjå bøndene til å nytte det i eit forsynings- og beredskapsperspektiv, der ein legg vekt på sjølvforsyningsevna.
2. Betre og meir bruk av dei norske areala, inkludert utmark, kan vere med på sikra aktivt jordbruk over heile landet. For å oppretthalde det dyrka jordbruksarealet generelt, og for å sikre bruk av marginalt jordbruksareal (i tydinga geografisk og på kvart enkelt bruk), trengs ei betre og meir treffsikker innretning av tilskota. Her bør det kompenserast sterkare for ulike driftsulemper gardsbruka i heile landet kan ha.
3. Betre og meir bruk av dei norske areala kan fungera som grunnlag for auka verdiskaping og inntektsopptrappinga ved å retta tilskot og prisstøtte mot bruk av norske areal, og mot korleis bøndene produserer ut frå desse ressursane. Gjennom å styrke grunnøkonomien til bruka kan drifta verte mindre avhengig av innkjøpte innsatsfaktorar, samt at risikoen til bonden kring svingingar i pris, avlingsnivå og kvalitet kan reduserast.
4. Betre og meir bruk av dei norske areala kan styrke den økologiske berekrafta i jordbruket ved mellom anna å oppretthalde og forbetre sjølve jordressursen. Dette kan gjerast ved å leggje til rette for biologisk mangfald, betre jordhelsa, balansert gjødsling, vekstskifte, drenering og skapa betre høve for binding av karbon i jorda.