Prosjektfakta 

Prosjektnummer137255
Prosjektleder Liv Hatleli Gilpin
ProsjekteierNJØS
SamarbeidspartnereNLR Vest, INRA Angers, SLUog NIBIO Ullensvang
Prosjektperiode 2021-2022
OrdningForskningsmidlene for jordbruk og matindustri
ProsjekttypeForprosjekt
Midlene er innvilget avStyret for fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter
InnvilgetKr. 600 000 ,-
Resultatrapport  
Prosjektbeskrivelse

Njøs frukt og bærsenter ynskjer å undersøkja potensialet for å ta fram norske spesialsortar for juice og sider for å stimulera den veksande norske juice- og siderproduksjonen og for å bidra til ei innovativ kvalitetsbevisst produktutvikling på området. Ein god eplesort til dyrking i Noreg for juice- og siderproduksjon må nå full utvikling i vårt klima, den må vera produktiv og årviss, storfrukta, sterk mot sjukdomar, ha eit høgt innhald av sukker og gje høgt saftutbytte, samt vere hardfør og tilpassa framtidige klimaendringar.

For å tydeleg forankre foredlingsmål i den norske sider- og juicenæringa skal det gjennomførast ei kartlegging for å identifisere produsentane si rangering av sortseigenskapar. I det norske foredlingsprogrammet for konsumeple er genominformert vekstforedling under implementering og blir utvikla vidare gjennom nordisk samarbeid om pre-breeding. Eit anna delmål i prosjektet er å opprette kontakt og samarbeid med liknande foredlingsprogram i utlandet for høgre kostnadseffektivitet i sortsutviklinga i eple gjennom genominformert vekstforedling av juice- og sidereple og med særleg fokus på klimasmarte sortseigenskapar for utvikling av hardføre sortar. Målet er å reia grunnen for eit innovasjonsprosjekt for utvikling av spesialsortar av eple for produksjon av unik norsk juice og sider. 

Resultater

Produksjon av sider i Sogn og Hardanger har ein lang tradisjon som dei siste åra har fått ein kraftig renessanse. Dei dominerande sortane i norsk epleproduksjon, "Discovery", "Summerred", "Gravenstein" og "Aroma", er også dei vanlegaste sortane brukt i norsk sider. Premierte siderprodusentar i Europa nyttar ofte minimum 20% bittersøte eller bittersylege sidereplesortar for å oppnå optimalt forhold mellom sukker/alkohol/syre/tannin i det ferdige produktet. Det finst fleire spesialsortar av eple til eplesiderproduksjon tilgjengelegm men mange av desse er ikkje tilpassa vårt klima. Njøs frukt- og bærsenter ynskte med dette forprosjektet å undersøkja potensialet for å ta fram norske spesialsortar for juice og sider for å bidra til ei innovativ kvalitetsbevisst produktutvikling på området. For å tydeleg forankre foredlingsmål i den norske sider- og juicenæringa, vart det gjennomfør ei kartlegging for å identifisere produsentene si rangering av sortseigenskapar. Resultat frå kartlegginga viser at svært få av produsentene ser noko stort behov for eigne spesialsortar til cider og juice. I det norske foredlingsprogrammet for konsumeple er genominformert vekstforedling under implementering og blir utvikla vidare gjennom nordisk samarbeid om pre-breeding. I forprosjektet vart det oppretta kontakt og samarbeid med liknande foredlingsprogram i utlandet for høgre kostnadseffektivitet i sortsutviklinga i eple gjennom genominformert vekstfordeling av juice- og sidereple og med særleg fokus på klimasmarte sortseigenskapar for utvikling av hardføre sortar. Grunna manglende interesse i næringa og oppstart av foredlingsprogram for sidereple tilpassa nordiske forhold i Sverige var det ikkje grunnlag for eit IPN-hovudprosjekt for utvikling av norske spesialsortar av juice- og sidereple.