Prosjektfakta 

Prosjektnummer 120396
Prosjektleder  Asbjørn Børsheim
Prosjekteier Hardanger Siderproduksjon AS
Samarbeidspartnere NIBIO
Prosjektperiode  2020–2021
Ordning Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri
Prosjekttype Forprosjekt
Midlene er innvilget av Styret for forskningsmidler over jordbruksavtalen
Innvilget Kr. 400 000 ,-
Resultatrapport   
Prosjektbeskrivelse

Produksjon av sider i Hardanger er ein lang tradisjon som dei siste åra har fått ein kraftig renessanse. Ein kvalitetsproduksjon av sider krev god og sikker tilgong på epleråvarer. Så lenge det er underdekning av norsk frukt på norsk marknad er målet om høgast mogleg grad klasse 1 i konflikt med målet om sikre (stor nok mengd kvart år) leveransar av råvarer til sider. Hardanger siderprodusentlag sitt mål er å produsera 1 million liter sider kvart år, ein fire gonger auke frå om lag 250000 liter i 2018. Det krev åleine meir enn 1400 tonn eple av ein kvalitet som er eigna til råvare for sider frå Hardanger. Siderklynga er eit samarbeidsprosjekt knytt til Hardanger siderprodusentlag. Sidan årvisse leveransar av eple med ein kvalitet som siderprodusentane etterspør, er så avgjerande for at satsinga på sider skal lukkast, er råvaresituasjonen eit av emna Siderklynga ynskjer fokus på.

Følgjande spørsmå ynskjast besvart i prosjektet:

  • Er det meir areal i Hardangerregionen som kan takast i bruk til epledyrking?
  • Kan det utviklast eit eige dyrkingskonsept for eple til juice og sider med lågare bruk av innsatsfaktorar?
  • Korleis er økonomien i eit spesifikt dyrkingskonsept til juice og sider?
  • Kva for kvalitetskrav skal sider og juiceprodusentane setja til råvara?
Sammendrag

Hovudmålet med forprosjektet var å vurdera grunnlaget for eit eige dyrkingskonsept for produksjon av eple som råvare til juice og sider med fokus på innsatsfaktorar og økonomi. Overordna for dette var ein sikker tilgong til råvarer for juice og sider. Bruk av eple som ikkje støttar krava til klasse 1 har vore grunnlaget for juice- og siderproduksjon, men kamp om råvarene har ført til dette ynskjet om å sikra tilgongen betre. Undervegs ynskte prosjektgruppa meir fokus på prognose av mengde råvare, enn vurdering av å minska innsatsfaktorane og målretta eit dyrkingskonsept. Det vart stadfesta at det er meir areal i regionen som kan nyttast til dyrking av eple.

Grunnlaget for ein vellukka juice- og siderproduksjon er sikker tilgong på råvarer av rett kvalitet. Produksjon av konsumeple er berebjelken for produksjon av råvare også. Det er meir areal i området som kan nyttast til epledyrking for å auka tilgongen. I sesongen 2020 vart det gjort analysar av ulike råvarer, det vil seia eple som vart levert som press og eple sortert ut på fruktlager. I middel av fire hovudsortar og frå tre fruktlager var eple levert som press mindre og litt meir mogne. Faktorar knytt til avlingsnivået på trea var viktigast. To ulike pressemetodar vart samanlikna, og varmebehandling påverka smaken av juicen negativt.

Økonomi i eit dyrkingskonsept for råvare vart vurdert til å vera avhengig av eit høgare prisnivå enn i dag, og med det pris- og tilskotsnivået som er no er det ikkje reell konkurranse mellom å dyrka til klasse 1 eller til råvare. Unntaket er dei som tek ut heile gevinsten gjennom å foredla råvara til juice og sider, eller der avlinga har svært låg del klasse 1. Det var nær samanhang mellom mengd klasse 1 og mengd presseple i området. Prognose for avlingsnivå av klasse 1 med grunnlag i temperatur tidleg i sesongen gjev difor eit godt mål på forventa mengd pressfrukt også. Kva som er rett kvalitet til juice og siderproduksjon vart diskutert, men det manglar kunnskap for å setja kvalitetskrav. Ved fokus på dyrking til konsum vil avlingsnivået i kopling til sesongklimaet vera avgjerande for råvaretilgong til foredlingsbedrifter.

Det må meir kunnskap til om råvare-spesifikasjonar og kvalitet, i tillegg til økonomiske føresetnadar for å vurdera om det kan utviklast eit eige dyrkingskonsept. Vurdering av kvalitetskrav til råvarer for ein optimal siderkvalitet har starta, og gjennom kunnskapsbygging i åra framover vil grunnlaget for ei meir målretta dyrking verta betre. Då kan det lettare vurderast kva for innsatsfaktorar som eventuelt kan endrast i eit eige dyrkingskonsept. Prognosar for avling av klasse 1 med grunnlag i klima tidleg i sesongen vil kunne gje ein god prognose for mengde pressfrukt også.