Målet med forprosjektet var å skaffe ny kunnskap om metodar for å estimere smak og aromastoff i norske eple, og å vurdere om ikkje-destruktive måleteknikkar kan nyttast som verktøy for kvalitetsvurdering i lagring og omsetjing. Prosjektet har samanlikna tradisjonelle analysar av aromastoff (GC-MS) med nye og raskare metodar som elektronisk nase og Raman-spektroskopi.
Det vart gjennomført analysar av eplesortane ‘Aroma’ og ‘Eden’ ved to modningsstadium, med og utan behandling med etylenhemmaren 1-MCP. GC-MS-analysane identifiserte 45 flyktige sambindingar i heile eple, der esterar var den viktigaste gruppa. Resultata viste tydelege skilnader mellom sortar, modningsgrad og 1-MCP-behandling, og stadfesta at 1-MCP reduserer mengda aromastoff, særleg i ‘Aroma’ med låg modningsgrad. Det vart også identifisert potensiell markør for glasing i ‘Eden’.
Elektronisk nase viste god evne til å skilje mellom sortar og behandlingar og gav ein heilskapleg aromaprofil som samsvara godt med GC-MS-resultat. Raman-spektroskopi fanga opp systematiske, men meir subtile skilnader i kjemisk samansetnad, knytt til sukker, pigment og strukturstoff. Korrelasjonsanalysar indikerer at begge metodane har potensial som indirekte indikatorar for aroma og kvalitet, men med behov for vidare validering.
Forprosjektet viser at teknologien bak elektronisk nase og Raman-spektroskopi kan vere lovande, raske og ikkje-destruktive vertøy for bruk i norsk fruktpakkerisamanheng. Resultata gir eit fagleg grunnlag for vidare forsking og utvikling av praktiske beslutningsverktøy som kan bidra til betre kvalitet, mindre matsvinn og meir smakfulle norske eple over ein lengre sesong.