Norske bønder er best i verda på mange område. Aktiv bruk av presisjonsteknologi, på rett nivå for den enkelte bonden, vil bidra til eit vidare løft av det norske landbruket. Det er brei semje om at presisjonslandbruk kan bidra til lågare klimaavtrykk, mindre miljøbelastning, høgare sjølvforsyning og at det også kan bidra til økonomisk gevinst. Føresetnaden er at teknologien blir brukt, at den blir brukt godt, og at den blir brukt så den passar til den enkelte bonden.
Observasjonar frå NLR sine presisjonsrådgivarar tyder på at utviklinga på kort tid har gått frå at presisjonsutstyr er noko som dei mest engasjerte bøndene har, til at det er blitt eit verktøy «vanlege bønder» tek i bruk. Dette trur vi stiller andre krav til oppfølging, samstundes som det opnar nye mogelegheiter med tanke på kor stor del av landbruket som er omfatta.
I åra som har gått etter den undersøkinga har mykje endra seg. Maskinbransjen melder om stort sal av presisjonsutstyr, samstundes som vi meiner å observere at ein større andel enn tidlegare ikkje utnyttar funksjonane i utstyret dei har kjøpt fullt ut. Dette manglar vi kunnskap om.
Undersøkinga frå 2018/2019 har vore til svært stor verdi for både NLR og utstyrsleverandørane, og vi opplever at nytteverdien for bøndene har vore solid. Men utviklinga på dette området går fort. Difor er tida inne for ei ny undersøking tilpassa vår samtid og den nivået vi no er komne til, både hos bøndene og hos oss som er rundt bøndene.